Hopp til innhald

Google

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Google


Org.formAksjeselskap
BransjeInternett, IKT
Skipa7. september 1998
MorselskapAlphabet
DotterselskapAdMob, DoubleClick, On2 Technologies, Picnik, Zagat, Waze, Blogger, Boston Dynamics, Bump, Google X, Google.org, Postini, Google Ads
Eigenandel iGoogle Fonts, Knowledge Graph, Google Oversetter, Blogger, AdSense, Google Bøker, Google Ads, iGoogle, Vevo, Google Scholar, Google Images, Google Groups, Google Gears, Metaweb, On2 Technologies, BigQuery, Google Maps, Google News, Google Earth, Google+, YouTube
HovudkontorMountain View i California i USA
LandUSA
ProduktGoogle Søk, Software tools, Google Voice, Google Ads, Google Pay, nettbasert søkjemotor, Google Maps, Gmail
Grunnleggjar(ar)Sergey Brin,[1] Larry Page[1]
StyreleiarEric E. Schmidt
Adm.dir.Sundar Pichai (10. august 2015)
Tilsette24 400 (2010)
Nettstadhttps://about.google/ (engelsk)

Google (NASDAQ: GOOG) er eit amerikansk multinasjonalt dataselskap som driv fleire tenester på internett, som reklamering, teknologi, søkjetenester, skylagring og andre programvarar. Selskapet er mest kjend for sin populære søkjemotor, Google Søk. Google er verdas største søkjemotor med over 200 millionar søk kvar dag.

Google er i dag eit dotterselskap av Alphabet Inc, som blei oppretta i 2015.

Namnet «Google» kjem frå det matematiske talordet for 10100, googol.

Google blei grunnlagt i 1996 av Larry Page og Sergey Brin som eit forsøksprosjekt mens dei studerte til Ph.D. ved Stanford University, i Stanford i California.[2] Dei begynte då å utvikla ein søkjemotor kalla BackRub, som opererte på Stanford i eit år.[3][4]

15. september 1997 blei Google.com registrert som eit domene, og det blei eit registrert selskap 4 september 1998.

I 2011 passerte Google ein milliard unike brukarar, som var ei auking på over 8 % frå mai i 2010.[5]

Google står til dømes bak tenestene Google Earth, Gmail og Google Images. Dei har òg laga mobiltelefonar, Google Pixel, og mange ulike smart-heim utstyr.[6]

  1. 1,0 1,1 «Projekt dvou doktorandů z garáže slaví dvacet let od vzniku. Víte, jak vzniklo jméno Google?»; vitjingsdato: 7. september 2018; sitat: Firmu Google Inc. založili v roce 1998 dva studenti americké Stanfordovy univerzity, Sergey Brin a Larry Page.; utgjevingstidspunkt: 4. september 2018; originalspråk: tsjekkisk.
  2. http://www.google.com/intl/en/about/company/history/
  3. Brin, Sergey; Page, Lawrence (1998). «The anatomy of a large-scale hypertextual Web search engine» (PDF). Computer Networks and ISDN Systems 30 (1–7): 107–117. doi:10.1016/S0169-7552(98)00110-X. 
  4. Barroso, L.A.; Dean, J.; Holzle, U. (April 29, 2003). «Web search for a planet: the google cluster architecture». IEEE Micro 23 (2): 22–28. doi:10.1109/mm.2003.1196112. «We believe that the best price/performance tradeoff for our applications comes from fashioning a reliable computing infrastructure from clusters of unreliable commodity PCs.» 
  5. http://www.cnet.com/news/google-hits-record-with-1-billion-site-visitors-in-may/
  6. «Google Store», Google Store (på engelsk), henta 18. oktober 2022 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]