Goldy McJohn
Goldy McJohn | |||
Fødd | 2. mai 1945 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Toronto i Ontario i Canada | ||
Død | 1. august 2017 (72 år) | ||
Dødsstad | Burien i Washington i USA | ||
Fødenamn | John Raymond Goadsby | ||
Opphav | Canada | ||
Aktiv | 1964–2017 | ||
Sjanger | Acid rock, hardrock, psykedelisk rock, proto-metal | ||
Instrument | Klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | The Mynah Birds, The Sparrows, Steppenwolf, Humble Pie, Janis Joplin[1] | ||
Verka som | Musikar |
John Raymond Goadsby (2. mai 1945–1. august 2017), kjend som Goldy McJohn, var ein kanadisk klaverspelar, mest kjent som den opphavlege klaverspelaren i rockegruppa Steppenwolf. Han var opphavleg klassisk utdanna pianist, men var ein pioner i den tidlege bruken av elektronisk orgel (Hammond B3) i heavy metal.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]McJohn vart fødd som John Raymond Goadsby av middelklasseforeldre i Toronto i Ontario. Han fekk pianoundervisning i ung alder, noko som etter kvart gjorde han i stand til å bli ein pioner innan bruk av elektronisk orgel i rocken. «Eg stod opp klokka fire om morgonen kvar dag for å øva frå eg var sju til ... eg vart dum. Eg var klassisk skolert. Eg spelte på ein Lowrey».[2]
I 1964 spelte McJohn med det lokale bandet Little John & The Friars, før han seinare same år vart medlem av The Mynah Birds, som òg inkluderte Rick James, Bruce Palmer og (etter at McJohn forlét bandet) Neil Young.[2] I 1965 var han ein kort periode med i The Diplomats, før han vart med i The Sparrows i september same år. John Kay spurde han om han kunne bli kalla «Goldy» medan han sat på bussen til Willowdale.[2]
Goldy følte at «Goldy Goadsby» ikkje ville vera rett, så til ære for mora, Dorothy (fødd) McIntyre, la Goldy til «Mc» til det juridiske førenamnet sitt, og skapte dermed kunstnarnamnet sitt.[2] Bandet (med diverse endringar) vart til Steppenwolf, og McJohn vart verande i gruppa frå 1967 til tidleg i 1975, då han fekk sparken av Kay.
Under pausen ti Steppenwolf på byrjinga av 1970-talet danna McJohn og Steppenwolf-trommeslagaren Jerry Edmonton Manbeast saman med Rod Prince og Roy Cox frå Bubble Puppy, og i løpet av denne tida skreiv bandet minst éin låt som skulle dukka opp på Steppenwolf-albumet Slow Flux i 1974, det siste McJohn spelte inn med bandet.
McJohn var med på å reformera Steppenwolf i 1977 saman med Nick St. Nicholas og Kent Henry og spelte i fleire inkarnasjonar av bandet. Han spelte òg saman med Steve Marriott i ein rekonstruert versjon av Humble Pie.
McJohn budde i Burien i Washington saman med kona Sonja. Soloutgivingane hans inkluderte New Visions, Fugue in D, Goldy McJohn & Friendz, Rat City in Blue, Set the World on Fire og Osmosis. Frå 2008 opptredde han med eit nasjonalt band under namnet Gm and Friendz og med The Born To Be Wild Tour.[3]
Død
[endre | endre wikiteksten]McJohn døydde uventa av eit hjarteinfarkt 1. august 2017 i heimen sin i Burien i Washington, 72 år gammal.[4][5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Goldy McJohn» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Goldy McJohn profile». NNDB.com. Henta 5. januar 2022.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Lusby, Rachel M. «'Ay Man' It's Goldy McJohn! And He Is, In Fact, Still Alive In The Burien Area». b-townblog.com. South King Media. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 4. august 2017.
- ↑ «Born to Be Wild 2018/2019 Tour». Magiccarpetrideinc.com. Henta 10. januar 2022.
- ↑ Gallucci, Michael (3. august 2017). «Goldy McJohn, Original Steppenwolf Keyboardist, Dies at 72». Ultimate Classic Rock. Arkivert frå originalen 3. august 2017.
- ↑ Peacock, Tim (4. august 2017). «Death Of Goldy McJohn, Founding Member Of Steppenwolf | uDiscover». Udiscovemrusic.com (på engelsk). Henta 29. juni 2021.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Goldy McJohn på Allmusic
- Goldy McJohn-diskografi på Discogs
- Goldy McJohn ved The Internet Movie Database (IMDb)