Gentesting
Gentesting eller DNA-testing[1] er teknikkar nytta til å finna særskilde variantar i DNA-sekvensar[2] eller kromosom-strukturar. Dei kan også måla resultat av genetiske endringar, som RNA-analyse som resultat av genuttrykk, eller gjennom biokjemisk analyse for å måla spesifikk proteinproduksjon.[3] I medisinsk samanheng kan slike testar nyttast til å setja diagnose eller utelukka moglege genetiske sjukdommar, føreseia risiko for særskilde tilstandar eller gje informasjon som kan nyttast til å tilpassa medisinsk behandling basert på individuelle genetiske eigenskapar.[3] Getesting kan også nyttast til å slå fast biologisk slektskap, som dei biologiske foreldra til eit barn,[4] eller nyttast til å slå fast den breiare avstamminga til et individ.[5] I tillegg til å testa menneske kan ein også gentesta dyr og plantar med liknande føremål, til dømes for å slå fast avstamming/slektskap eller føreseia/diagnostisera genetiske lidingar,[6] for å få informasjon ein kan bruka i avl,[7] eller for å auka genetisk mangfald i truga populasjonar.[8]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fotnotar
- ↑ Solvang, Fredrik (6. november 2007), «DNA-testet 8000 innvandrere», NRK (på norsk bokmål), henta 27. desember 2023
- ↑ Paus, Benedicte (22. august 2023). «gentest». Store medisinske leksikon (på norsk).
- ↑ 3,0 3,1 «Genetic testing». American Medical Association (på engelsk). Henta 3. oktober 2019.
- ↑ «Paternity Testing». American Pregnancy Association (på engelsk). 25. april 2012. Henta 3. oktober 2019.
- ↑ Resnick, Brian (28. januar 2019). «The limits of ancestry DNA tests, explained». Vox (på engelsk). Henta 3. oktober 2019.
- ↑ «UC Davis Veterinary Genetics Laboratory | Animal DNA testing | forensic testing | animal genetic research and diagnostics». www.vgl.ucdavis.edu. Henta 3. oktober 2019.
- ↑ «Selective breeding and gene technology». www.bbc.co.uk. Henta 14. oktober 2019.
- ↑ Hunter, Margaret E.; Hoban, Sean M.; Bruford, Michael W.; Segelbacher, Gernot; Bernatchez, Louis (17. juli 2018). «Next-generation conservation genetics and biodiversity monitoring». Evolutionary Applications 11 (7): 1029–1034. Bibcode:2018EvApp..11.1029H. ISSN 1752-4571. PMC 6050179. PMID 30026795. doi:10.1111/eva.12661.
- Denne artikkelen bygger på «Genetic testing» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2023.