Hopp til innhald

Gabriela Soukalová

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gabriela Soukalová


Statsborgarskap Tsjekkia
Fødd 1. november 1989 (35 år)
Jablonec nad Nisou
Idrett skiskyting
Tok del i Skiskyting under Vinter-OL 2010, Skiskyting under Vinter-OL 2014, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner
Utmerkingar Senatets minnemedalje i sølv

Gabriela Soukalová (fødd 1. november 1989) er ein tsjekkisk skiskyttar frå Jablonec nad Nisou som vann verdscupen i skiskyting 2016 og vart verdsmeister i mixstafett i 2015. I sesongane 2013-15 vann ho elles to OL-sølv, VM-sølv og -bronse i ulike øvingar. Frå 2016 til 2020 var ho gift med badmintonspelaren Petr Koukal, og heitte Gabriela Koukalová.

Mor hennar, Gabriela Sekajová (Svobodová), f. 1953, vann medaljar i 4 x 5 km langrenn for Tsjekkoslovakia; VM-bronse 1974 og OL-sølv 1984.

Soukalová nådde verdstoppen i 2013-sesongen. Frå desember 2012 til februar 2016 vann ho 12 individuelle renn i verdscupen i skiskyting. I 2014-sesongen enda ho på fjerdeplassen i verdscupen.

Under VM i skiskyting 2013 på heimebane i Nové Město gjekk ho på Tsjekkia sitt lag som fekk bronsemedalja i mixstafetten. Året etter tok Soukalová og Tsjekkia sitt mixstafett-lag eitt steg opp på sigerspallen til sølv då Vinter-OL 2014 fann stad i Sotsji, der ho også vann sølvmedalja i fellesstarten.

Tsjekkia sitt lag i mixstafett, beståande av Veronika Vítková, Gabriela Soukalová, Michal Šlesingr og Ondřej Moravec fullførte pallklatringa då det vann øvinga under VM i skiskyting 2015 i Kontiolahti, 20 sekundar framom Frankrike. Ei lita veke seinare tok Soukalová sølvmedalja i 15 km normalprogram, gullet rauk med ein bom på siste skyting.

Gjennom 2016-sesongen var Soukalová den klart jamnaste kvinnelege skiskyttaren. Ho vann verdscupen 2016 med romsleg margin etter å ha vunne fire renn og oppnådd i alt 10 pallplasseringar. Derimot lukkast ho ikkje å ta medalje i VM i skiskyting 2016, to fjerdeplassar var hennar fremste prestasjonar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]