Hopp til innhald

Fylkeskulturprisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fylkeskulturprisen var Sogn og Fjordane sin eigen kulturpris. Denne vart delt ut kvart år til einskildpersonar, lag eller organisasjonar frå fylket som har vist evne og vilje til ein kulturinnsats ut over det vanlege. Føremålet med prisen var å hjelpe fram kulturarbeidet i Sogn og Fjordane.[1]

Hovudutvalet for kultur har vore ansvarleg for å kåre vinnaren og fastsetje kor stor prisen skal vere kvart år. Dette utvalet har delvis hatt avgjerdsrett, delvis rådgjevande funksjon til fylkesutvalet eller fylkestinget, og hadde 9 medlemmar frå ulike politiske parti.[2] Utdelinga av prisen skjedde i samband med fylkestingsamling kvart år.[3]

Prisvinnarar

[endre | endre wikiteksten]
Oddvar Torsheim fekk Fylkeskulturprisen i 2007.
Foto: Eirik U. Birkeland
Tidlegare lanngrennsløpar Odd-Bjørn Hjelmeset mottok prisen i 2008.
Foto: Lennart Kjellman