Hopp til innhald

Freebo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Freebo

Freebo i Los Angeles 3. juli 2019
Fødd5. mars 1944 (80 år)
FødestadMahanoy City i Pennsylvania i USA
FødenamnDaniel Friedberg
OpphavUSA
Instrumentgitar, tuba, bass
Verka somMusikar, songar-låtskrivar, produsent

Daniel Friedberg,[1] betre kjend under artistnamnet Freebo, er ein USA-amerikansk musikar, songar-låtskrivar og produsent, mest kjend for arbeidet sitt med Bonnie Raitt. Han har òg arbeidd som studiomusikar for ei rekkje andre artistar, som Ringo Starr, John Mayall, John Hall, Aaron Neville, Dr. John, Willy DeVille, Crosby, Stills & Nash, Maria Muldaur og Kate & Anna McGarrigle.

Han arbeidde med Raitt i ni år, frå 1972 til 1979.[2]

I nyare år har han spelt inn fem soloalbum: The End Of The Beginning (1999), Dog People (2002), Before The Separation (2006), Something to Believe (2011) og If Not Now When (2015).[3]

  1. Kenoyer, Sarah (26. november 2015). «Freebo, coming to Monterey, has made the best the best». Monterey County Weekly. Henta 27. september 2020. 
  2. Unterberger, Richie. FreeboAllmusic. Henta 4. juli 2016.
  3. «Freebo: Discography». allmusic.com. AllMusic. Henta 21. november 2019. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]