Hopp til innhald

François Villon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
François Villon

Statsborgarskap Kongedømet Frankrike
Fødd 1431
Paris
Død

1463 (32 år)
Frankrike

Yrke lyrikar, songtekstforfattar, skribent
Språk mellomfransk
François Villon på Commons

François Villon (ca. 1431–ca. 1463) var ein fransk diktar i seinmellomalderen og er den best kjende og mest betydelege diktaren frå denne epoken.[1] Sjølv var han meir av ein farande fant og ein slyngel som var involvert i kriminalitet og hamna i talrike gnissingar med styresmaktene.[2] Villon skreiv poetisk om ein del av desse erfaringane.

François Villon var eit pseudonym; det eigentlege namnet hans var truleg François de Montcorbier eller François des Loges. Under førstnemnde namn studerte han ved Sorbonne frå 1443 til 1452.[1] I 1455 drap han ein prest i ein krangel og flykta frå Paris, men drog tilbake til hovudstaden etter rundt 4 år og hamna snart i handjern for vertshusslagsmål. Han sona, men blei dømt til galgen i 1463 kort tid etter lauslatinga. Dommen blei likevel omgjort til ti års landforvising. Kva som skjedde med Villon etter 1463 veit ein ikkje, heller ikkje kva tid han døydde. Dikta hans som er kjende skal ha blitt til medan han var i fengsel.

Han skreiv to verk, «Det vesle testamentet» (Petit Testament) og «Det store testamentet» (Le grand testament), og truleg nokre av dei seinare dikta som «Balladen om kvinner frå gamle dagar» (Ballade des dames du temps jadis). Tekstane hans er ikkje lett tilgjengelege utan notar og forklaring. Språket hans er ikkje alltid lett å forstå, dels på grunn av avstanden i tid, skjulte spøkar, lokal slang og namn på folk i Paris, men også for den kunstferdige bruken hans av doble tydingar og antifrasar (seia det motsette av kva ein meiner).

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Villon blei fødd i Paris kring 1431 (same året som Jeanne d'Arc blei brend på bålet), på den tida då byen var okkupert av engelskmennene.[3] Ei kjelde har oppgitt ei meir detaljert datering som 19. april 1432 (gammal stil) eller 1. april 1431.[4] Det er særleg historikaren Auguste Longnon si gransking av arkivtekstar som har gjeve den sparsame informasjonen som finst om Villon.[a]

Det eigentleg namnet til Villon kan ha vore François de Montcorbier eller François des Loges: begge namna opptrer i offisielle dokument teikna opp i levetida til Villon.[4][b] I hans eigne tekstar er likevel Villon det einaste namnet diktaren nytta, og han nemner det jamleg i tekstane sine. Dei to diktsamlingane hans, særleg Le grand testament, er blitt lesne som sjølvbiografiske. Andre detaljar om livet hans er kjende frå rettsdokument.[5]

Etter det dikta kan fortelja, verker det som om Villon var fødd i fattigdom og blei oppfostra av ein stefar, men at mora framleis levde då han var tretti år. Etternamnet «Villon», kan poeten fortelja, er namnet han fekk frå sin stefaren sin, Guillaume de Villon, som var kapellan ved kollegiatkirke til Saint-Benoît-le-Bestourne i Paris. Han var også professor i jus canonicum (kyrkjerett), og tok Villon til huset sitt.

Je suis François, dont il me poise
Né de Paris emprès Pontoise
Et de la corde d'une toise
Saura mon col que mon cul poise

Paris er den antekne fødestaden hans. Faderlaus, fortel mor hans, som er ei fattig og from kvinne som ikkje kan lesa:

Femme je suis povrette et ancienne,
Qui riens ne scay ; oncques lettre ne leus

Villon voks opp i hjartet av Quartier Latin, Latinarkvarteret, og i «de fleste av diktene lar han denne bydelen passere forbi i kaleidoskopisk brogethet».[6] Villon blei student av dei frie kunstane, kanskje frå han var tolv år gammal. Han tok bachelorgrad ved Universitetet i Paris i 1449 og mastergrad i 1452. Mellom dette året og fram til 1455 er aktivitetane hans ukjende.

Problem med lova

[endre | endre wikiteksten]
Ei side frå Le grand testamente. Kungliga biblioteket i Stockholm.

5. juni 1455 fann den fyrste dokumenterte hendinga i livet hans stad. I selskap med ein prest ved namn Giles og ei ung kvinne ved namn Isabeau som han møtte i gata Rue Saint-Jacques, skal ein bretonar ved namn Jean le Hardi, som også var prest og universitetsutdanna, og ein Philippe Chermoye (eller Sermoise eller Sermaise), ha vore involverte. Det oppstod slagsmål, dolkar blei trekte og Sermaise blei skulda for å ha trua og angripe Villion og fyrst trekka blod, men fekk ikkje eit dolkestikk tilbake. I staden fekk han eit slag frå ein stein som slo han overende. Han døydde sidan frå skadane sine. Villon flykta og blei dømt til landsforvising. Denne blei trekt tilbake i januar 1456 ved kongebrev frå kong Karl VII etter at han hadde fått to bønnskrift som hevda at Sermoise hadde tilgitt Villon før han døydde.

Det finst to ulike versjonar av den formelle nåden; i den eine er den skuldige identifisert som «François des Loges, autrement dit Villon» («François des Loges, elles kalla for Villon»); i det andre som «François de Montcorbier». Han er også sagd å ha kalla seg sjølv som barberar og (enkel) kirurg som lækja såret hans som «Michel Mouton». Dokumenta frå denne saka stadfestar i det minste datoen for fødselen hans ved å beskriva han som rundt tjueseks år gammal.

Ein gong rundt juletider 1456 vart kapellet til Collège de Navarre brote opp og det blei stole fem hundre gullmyntar Villon var involvert i tjuveriet, og mange forskarar meiner at han flykta frå Paris kort etter og at dette er kva han skreiv i det som no er kjent som diktet Petit Testament («Det vesle testamentet»), eller Lais («Arv» eller «Testamentering»). Tjuveriet blei ikkje oppdaga før i mars året etter, og det var ikkje før i mai at politiet kom på sporet av ein gjeng studenttjuvar etter indiskresjon frå ein av dei, ein Guy Tabarie. Endå eit år gjekk då Tabarie, etter å ha blitt orte arrestert, gav kongen bevis ved å skulda den fråverande Villon for å vera leiaren for gjengen. Deretter skal han ha drege til Angers, eller i det minste ha stått for liknande tjuveri der. Villon bleidømt til forvising igjen, for dette eller andre brotsverk, og han gjorde ikkje noko forsøk på å koma tilbake til Paris. I fire år vandra han rundt. Han kan ha vore medlemm av ein omvandrande gjeng tjuvar, slik vennane Regnier de Montigny og Colin de Cayeux var.

Le testament, 1461

[endre | endre wikiteksten]

Den neste datoen der ein finn aktiviteten til Villon skriven ned er sommaren 1461. Villon skreiv at han var denne sommaren i fengselet til biskopen ved Meung-sur-Loire, som ligg 15 km vest for Orléans. Brotsverket hans som gjorde at han sat fengsla er ikkje kjent, men Le Testament daterer året han rasa bittert mot biskop Thibault d'Aussigny som heldt bispedømet Orléans. Villon kan ha blitt lauslaten som del av eit generelt amnesti då kong Ludvig XI kom på trona og blitt ein fri mann igjen rundt 2. oktober 1461.

I 1461 skreiv han det best kjende verket sitt, som er døypt Le Grand Testament av ettertida. Hausten 1462 levde han nok ein gong i klosteret Saint-Benoît. I november dette året blei han fengsla for tjuveri i festninga som stod ved den staden som i dag er Place du Châtelet i Paris. Som bevisføring blei den gamle skuldinga om innbrot ved Collège de Navarre fremja på nytt, og denne gongen kom det ingen kongeleg nåde mot arrestasjonen. Det blei akseptert kausjon, men straks Villon var ute på gata hamna han i ein gatekrangel. Han blei arrestert, utsett for vasstortur og dømt til å bli hengd (pendu et étranglé), men dommen blei gjort om til forvising frå Paris i ti år av parlamentet den 5. januar 1463.

  1. Auguste Longnon stod bak utgjevinga av eit verk med dei samla tekstane til François Villon: Oeuvres complètes (1892, med biografi) og relaterte dokument: Documents relatifs au comté de Champagne et de Brie , 1172-1360 (2 bind, 1901-04).
  2. Auguste Longnon utleidde logisk at Francis Monterbier og François des Loges er same person. I arkivet ved Universitetet i Paris, der François Villon studerte, står det at ein Franciscus Moult-Corbier, parisiensis, noko ein også kan forstå som Franciscus de Moncorbier.
  1. 1,0 1,1 Gullichsen, Harald (1994): «François Villon: Fengselsfugl, galgenfugl og dikter», etterord i François Villon: Testamentet og Spredte ballader, Oslo: Aschehoug.
  2. Charpier, Jacques (1958): François Villon, un tableau synoptique de la vie et des oeuvres de Villon et des événements artistiques, littéraires et historiques du XVe siècle, Poètes d'hier et d'aujourd'hui, Pierre Seghers: «..il n'ait laissé dans l'histoire, que le souvenir d'un hors-la-loi. Ce poète a eu à connaitre de la Justice des hommes et le voilà qui s'apparente ainsi à nos plus récentes idoles : Sade, Baudelaire, Verlaine. Il fut un voyou : comme Rimbaud.» («Han etterlot seg kun et ettermæle av lovløs. Denne poeten kom til å bli kjent med rettsvesenets makt, og således er ligner han på våre nyere idoler, Sade, Baudelaire og Verlaine. Som Rimbaud var han en råtamp.»)
  3. Fein, David (1997): «1 Introduction» i: François Villon Revisited, New York: Twayne, ISBN 0805745645. s. 1
  4. 4,0 4,1 Charpier, Jacques (1958): François Villon, un tableau synoptique de la vie et des oeuvres de Villon et des événements artistiques, littéraires et historiques du XVe siècle , Poètes d'hier et d'aujourd'hui, Paris: Pierre Seghers, «1er avril 1431 (vieux style) ou 19 avril 1432 (nouveau style) : naissance à Paris, de François de Montcorbier, alias des Loges, qui deviendra François Villon».
  5. «Biography of François Villon», Poemhunter
  6. Breitholtz, Lennart (1979): Epoker og diktere. Vestens litteraturhistorie. Oslo: Gyldendal, s. 152