Fontainebleau
Fontainebleau | |||
---|---|---|---|
Sentrum av Fontainebleau | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Île-de-France Seine-et-Marne | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 172,05 km² | ||
Flatevidd - By |
172,05 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
15 942 93/km² | ||
Koordinatar | 48°24′N 02°42′E / 48.400°N 2.700°E | ||
Høgd over havet | 69 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 77300 | ||
Heimeside: https://www.fontainebleau.fr/ | |||
Nettstad: www.fontainebleau.fr | |||
Plassering | |||
Fontainebleau er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Seine-et-Marne i regionen Île-de-France, og har om lag 15 000 innbyggjarar. Byen ligg 55,5 km frå sentrum av Paris og høyrer til Paris sitt storbyområde.
I lag med nabokommunen Avon og tre mindre kommunar dannar Fontainebleau eit byområde med 36 713 innbyggjarar (1999). Dette urbane området er ein drabantby til Paris.
Fontainebleau er kjend for den store og vakre Fontainebleauskogen, som mange innbyggjarar i Paris vitjar i helgene. Her ligg òg Château de Fontainebleau som kongane i Frankrike budde i og INSEAD, ein av dei fremste handelshøgskulane i verda.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Under den franske revolusjonen fekk Fontainebleau mellombels namnet Fontaine-la-Montagne, som tyder «Fontenen ved fjella» (fjellet det er snakk om er ei rekkje steinformasjonar i Fontainebleauskogen).
På 1950- og 1960-talet var Fontainebleau hovudkvarter for AFCENT, før det vart flytta til Brunssum i Nederland då president Charles de Gaulle avgjorde at han ikkje lenger ville ha NATO sine atomvåpen på fransk jord, sidan Frankrike no hadde sitt eige atomarsenal.
Turisme
[endre | endre wikiteksten]Fontainebleau er ein populær turiststad. Kvart år vitjar 300 000 turistar palasset, medan om lag 11 millionar vitjar skogen.
Fontainebleauskogen
[endre | endre wikiteksten]Fontainebleauskogen ligg rundt byen og fleire landsbyar. Han vert rekna som ein nasjonalpark, og var tidlegare ein kongeleg jaktpark. Segna seier at skogen vart gjeve til Robin Hood av Richard Løvehjarte.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Château de Fontainebleau Arkivert 2006-06-17 ved Wayback Machine.
- Bilete av Fontainebleauskogen