Ernst Motzfeldt
Utsjånad
Ernst Motzfeldt | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. mars 1842 Oslo |
Død | |
Yrke | advokat, dommar, politikar |
Far | Ulrik Anton Motzfeldt |
Ernst Motzfeldt (1. mars 1842–10. juni 1915) var ein norsk jurist og statsråd frå Kristiania. Ulrik Motzfeldt var far hans.
Ernst Motzfeldt tok juridisk embetseksamen i 1864 og studerte med stipend ved Uppsala universitet 1864–65. Han var høgsterettsadvokat i Kristiania frå 1869 og statsrevisor frå 1888 til 1890. Sidan var han assessor i Høgsterett frå 1890 til 1912.
Motzfeldt var med i Emil Stangs andre regjering 1893-95. Fram til juli 1894 var han den eine av to statsrådar ved Statsrådsavdelinga i Stockholm. Sidan var han sjef for Justisdepartementet til regjeringa gjekk av i november 1895.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ernst Motzfeldt» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mars 2017.