Hopp til innhald

Emily Shanks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emily Shanks

Fødenamn Эмилия Яковлевна Шанкс, Emilija Jakovlevna Shanks
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 1. august 1857
Moskva
Død

13. januar 1936 (78 år)
London

Yrke kunstmålar
Sjanger sjangermåleri
Emily Shanks på Commons

Emily Shanks, òg kjend som Emilija Jakovlevna Shanks (1. august 185713. januar 1936), var ein anglo-russisk kunstmålar som var knytt til den realistiske kunstrørsla Peredvizjniki. Shanks var britisk statsborgar, men budde store delar av livet i Russland.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Shanks var fødd i Moskva, der far hennar dreiv forretning. Foreldra hennar var Mary Louisa Schilling og James Stewart Shanks. James hadde kome til Moskva i 1852 der han i partnarskap med svensken Henrik Conrad Bolin skipa Shanks & Bolin Magasin Anglais ('Det engelske magasinet').[1] Forretningen var ein økonomisk suksess og familien Shanks fekk eit komfortabelt liv. Døtrene hadde tid og midlar til å dyrka band med intelligentsiaen i byen.

Emily var syster av biletkunstnaren Mary Shanks og Louise Maude, sistnemnde kjend for si omsetjing av verka til Tolstoj. Mary var vener med yngstedottera til Tolstoj, Tatjana, og både Emily og Mary er nedteikna i gjesteboka til Tolstoj-heimen.[2][3]

In the colors, 'I fargane' (portrett av dottera til Vasilij Polenov; mellom 1890 og 1900)
Employing a Governess, 'Tilsetjing av ei guvernante'

Shanks studerte ved Moskva-skulen i måling, bilethogging og arkitektur. I 1890 vann ho ein stor sølvmedalje ved skulen for måleriet 'Lesing av eit brev' (Reading a letter).[4] Ho gjekk ut frå skulen med rangen «kunstnar».

Ved Moskva-skulen møtte Shanks leiarar for Peredvizjniki-rørsla, ei samling russiske realist-målarar som i protest mot akademiske restriksjonar danna eit kunstnarkooperativ som dreiv vandreutstillingar.

Shanks blei vener med målaren Jelena Polenova og bror hennar Vasilij Polenov, som var leiande i Peredvizjniki-rørsla. Emily og systera Mary måla ofte saman med syskenparet, noko som er særs godt dokumentert i Polenov-breva frå vinteren 1891–1892.[5] I 1891 blei Shanks sitt måleri 'Eldre bror' (Older Brother, Старший брат) akseptert til ei Peredvizjniki-utstilling.[6] 7. mars 1891 skreiv Vasilij Polenov til kona si Natalija at tsarina Aleksandra Fjodorovna hadde uttrykt interesse for bildet.[7]

I 1892 blei Shanks sitt måleri 'Ny jente ved skulen' (New Girl at School) akseptert til ei Peredvizjniki-utstilling. Måleriet blei lovprist av Ilja Repin, og seinare selt til Pavel Tretjakov. Det er framleis ved Tretjakov-galleriet i Moskva. I 1894 blei Shanks vald som medlem av Peredvizjniki for måleriet 'Blekkflekk' (Inkspot). Ho blei den fyrste kvinna med full medlemskap i gruppa.[8][9]

Frå 1891 til 1915 stilte Shanks ut ved 19 Peredvizjniki-utstillingar.[10] Shanks stilte også ut med Moskva-sameininga av kunstnarar, Moskva-samfunnet for kunstelskarar og Lemercier-galleriet i Moskva.[11]

Ved utbrotet av den fyrste verdskrigen flytta familien til London.[12] Dei tapte forretninga og heimen sin i Russland under oktoberrevolusjonen.

Shanks stilte ut ved Royal Academy of Arts sine sommarutstillingar i London i 1916 og 1918.[13] Måleriet ho synte i 1916 var A bit of Moscow og det i 1918 heitte Peaceful Moscow.[14]

I denne siste delen av livet budde Shanks i nærleiken av Holland Park. Ho døydde 13. janaur 1936 ved Holland Road i Kensington, 78 år gammal.

  • Employing a Governess, Tjumen Museum, Russland
  • The Girl, privat eige
  • The Lesson (1887), privat eige
  • The Ink Blot (ca. 1893)
  • Scene in a Russian Hospital: The Ear Inspection, Chelmsford Museum, England
  • Double Portrait of Aylmer Maude and Stella Meldrum[15], privat eige
  • A Bitar of Moscow (utstilt Royal Academy 1916)
  • Peaceful Moscow (utstilt Royal Academy 1918)
  • Moscow rooftops, privat eige
  • The Kremlin Gold Room, privat eige
  1. Pitcher (1984)
  2. Christian (1978) s. 579
  3. Horsbrugh-Porter (1993)
  4. Harkness (2009)
  5. Harkness (2009) s. 79
  6. Harkness (2009) s. 178
  7. Sakharova (1950) s. 277
  8. Natalia Paromova (12. mai 2004) på nettstaden til Tjumen Museum
  9. Harkness (2009) s. 79
  10. Iovleva (1975) Ho stilte ut med Peredvizjniki frå 1891 til 1894, 1897 til 1902, 1907, 1908, 1908/9 1909/10, 1912, 1912/13, 1913/14 og 1915
  11. Iovleva (1975)
  12. Shanks (1986)
  13. Angela Jarman, Royal Academy Exhibitors 1905-1970 Vol III (1985)
  14. Jarman 1975
  15. Oxford Dictionary of National Biographys innlegg om Maude
  • Denne artikkelen bygger på «Emily Shanks» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2021.
  • Harvey Pitcher (1984), "The Smiths of Moscow: a story of Britons abroad", Swallow House Books
  • Harvey Pitcher (1994), "Muir and Mirrielees: The Scottish Partnership That Became a Household Name in Russia", Swallow House Books
  • Donnelly, Michael E. (2009), "The Immortal Itinerants (Peredvizhniki)", Russian Paintings Gallery.
  • Anna Horsbrugh-Porter (1993), "Memories of Revolution: Russian Women Remember", Routledge
  • Russian Art Union website
  • Christian, R F (1978) Tolstoy’s letters II 1880-1910
  • Sakharova, E V, (1964) Vasiliĭ Dmitrievich Polenov, Elena Dmitrievna Polenova, letters.
  • Sakharova, E V, (1950) Vasiliĭ Dmitrievich Polenov, letters.
  • Harkness, Kristen M. (2009) ELENA POLENOVA, MARIIA IAKUNCHIKOVA. AND THE EMERGENCE OF MODERN ART IN RUSSIA, Purdue University
  • Shanks, Donald, (1986): Shanks Family History. Available in the Leeds Russian archive, Shanks Family papers.
  • Jarman, Angela (1975) Royal Academy exhibitors, 1905-1970 : a dictionary of artists and their work in the Summer Exhibitions of the Royal Academy of Arts, Hilmarton Manor Press
  • Iovleva, Lidiya Ivanovna (1975) Notes on Emily Shanks, Tretyakov Gallery. Available in the Leeds Russian archive, Shanks Family papers.