Emil Kostadinov
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Emil Ljubtsjov Kostadinov | ||
Fødd | 12. august 1967 (57 år) | ||
Fødestad | Sofia i Bulgaria | ||
Høgd | 177 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1985–1990 1990–1994 1994–1995 1995–1996 1996–1997 1997 1997–1998 1998–1999 |
CSKA Sofia Porto Deportivo Bayern München Fenerbahçe UANL Tigres CSKA Sofia Mainz |
119 (36) 114 (43) 9 (2) 27 (7) 25 (8) 15 (7) 9 (3) 4 (1) | |
Landslag | |||
1988–1998 | Bulgaria | 70 (27) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Emil Ljubtsjov Kostadinov (fødd 12. august 1967) er ein bulgarsk pensjonert fotballspelar frå Sofia. Han spelte som angrepsspelar hos fleire europeiske klubbar og for det bulgarske landslaget. Av klubbene hans kan nemnast FC Porto i Portugal, Deportivo de La Coruña i Spania og FC Bayern München i Tyskland.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Kostadinov spelte 70 landskampar for Bulgaria i åra 1988–1998 og han skåra 26 mål. Han deltok mellom anna i VM i 1994, VM i 1998, kor han i fyrstnevnte meisterskap var med om å føre landet heilt til semifinale. Dessutan var han med i troppen i EM i 1996.
Kostadinov verte berømt i fotballverdenen den 17. november 1993, då det bulgarske landslaget i den siste kvalifiseringskampen til VM i 1994 stod overfor ein umogleg oppgåve - då kravet til kvalifikasjon var ein siger på bortebane i Paris over Frankrikes verdensstjerner. Etter at franskmennene hadde kome seg føre, og tinga synest avklara skåra Kostadinov to mål hvorav det avgjerande til 2-1 vart skåra då måltavla i Paris viste 89 minutter og 59 sekunder. Bulgarerne var klare for VM, kor dei vart nummer 4 mens franskmennene var ute.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Emil Kostadinov» frå Wikipedia på dansk, den 18. april 2020
- National-football-teams
- eu-football[daud lenkje]