Ehsan Hadadi
Ehsan Hadadi | |
Statsborgarskap | Iran |
Fødd | 20. januar 1985 (39 år) Teheran |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Asialeikene 2006, Asialekene 2014, Asialekene 2010, Friidrett under Sommar-OL 2016, Asiamesterskapet i friidrett 2017, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Diskoskast herrer |
Ehsan Hadadi (farsi: احسان حدادی ) (fødd 20. januar 1985) er ein diskoskastar frå Iran. Hadadi har fleire gonger vorte asiatisk meister i diskoskast i åra 2005-2011. Ehsan Hadadi held den noverande asiatiske rekorden i diskoskast. Den vart sett 3. juni 2008 i Tallinn og er på 69,32 meter.
Ehsan Hadadi deltok for fyrste gong under VM i friidrett 2011 i Daegu i Sør-Korea. Her vann han bronsemedalje med eit kast på 66,08. Berre estiske Gerd Kanter og tyskaren Robert Harting kasta lengre.
Hadadi debuterte i olympiske leikar under sommar-OL 2012 i London. Her vann han olympisk sølv med eit kast på 68,18; igjen slått av Robert Harting. Iran, som har delteke i OL sidan sommar-OL 1948, har tidlegare berre vunne medaljar i bryting, vektløfting og taekwondo. Det olympiske sølvet i diskoskast vart difor ein milepåle for Iran som idrettsnasjon.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ehsan Haddadi» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2012.
- «Ehsan Haddadi» (på engelsk). Olympedia. Henta 17. mars 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1985
- Iranske friidrettsutøvarar
- Diskoskastarar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Iran
- Iranske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- Iranske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Iranske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Iranske deltakarar under sommar-OL 2020
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020
- Folk frå Teheran