Hopp til innhald

Edvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Edvin og Edwin er engelske mannsnamn med opphav i gammalengelsk Eadwine, tilsvarande norrønt Audvin og nyare norsk Audun. Namneleddet Ed- betyr 'rikdom' og -vin betyr 'ven'.

Edvina og Edwina er hokjønnsformer av namnet. Ein annan skrivemåte er Edwyn.

Edvin har namnedag i Noreg og Sverige den 11. mars.

Namnet blei brukt for rundt 0,2 % av nyfødde gutar frå litt før 1885 til litt før 1925. Bruken gjekk deretter ned, men tok til å veksa igjen på 1990-talet. Det er 1 314 menn som heiter Edvin og 186 som heiter Edwin i Noreg (2009).

Namneberarar

[endre | endre wikiteksten]