Dudinka
Utsjånad
Dudinka Дудинка | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Krasnojarsk kraj | ||
Grunnlagd Bystatus |
1667 1951 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2010) |
22 200 | ||
Koordinatar | 69°24′00″N 86°11′00″E / 69.40000°N 86.18333°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
KRAT (UTC+7) KRAST (UTC+8) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | +7 39111 |
Dudinka (russisk Дудинка) er ein by i Russland med om lag 22 200 innbyggjarar (2010)[1] og var hovudstad i det tidlegare autonome distriktet Tajmyr, som i 2007 blei del av Krasnojarsk kraj. Byen ligg ved breidda av elva Jenisej like sør for Nordishavet.
Dudinka har hamn for havgåande fartøy og er ei av dei viktigaste hamnene i Sibir langs Nordaustpassasjen. Den nordlegaste elektrifiserte jernbanen i verda knyter Dudinka til Norilsk, 96 kilometer borte, og flyplassen Alykel, 40 kilometer borte.
Busetjinga vart grunnlagd i 1667. Sidan 2001 treng utanlandske borgarar særskilt løyve for å vitja Dudinka. I sovjettida fram til 1991 var byen stengd for utlendingar.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010