Hopp til innhald

Dongtingsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dongtingsjøen
洞庭湖, dòng tíng hú
innsjø
Tilsig Yangtze, Xiang, Zi, Yuan, Li
Utløp Yangtze
Areal 2 820 km²
Kart
Dongtingsjøen
29°19′00″N 112°57′00″E / 29.316666666667°N 112.95°E / 29.316666666667; 112.95
Wikimedia Commons: Lake Dongting
Kart over Dongtingsjøen, med dei største elvane som munnar ut i han

Dongtingsjøen er ein stor og grunn innsjø i den nordaustlege delen av provinsen Hunan i Kina. Han er basseng for Chang Jiang, storleiken på innsjøen varerier såleis mykje, avhengig av årstida. Provinsane Hubei og Hunan er kalla opp etter kvar dei ligg i høve til innsjøen. Hubei tyder «nord for sjøen» og Hunan tyder «sør for sjøen» på kinesisk.

Han-dynastiet si tid var Dongtingsjøen den største innsjøen i Kina, men opp gjennom hundreåra har han skrumpa inn grunna landvinning for jordbruket. Han er no mindre enn Poyangsjøen, og rangert som den nest største innsjøen i Kina.

I perioden frå juli til september renn flaumvatn frå Chang Jiang ut i innsjøen. Han veks kraftig, og vidar seg ut frå normalt 2 820 km² til heilt opp i 20 000 km². Fire elvar munnar ut i Dongtingsjøen: Xiang Jiang, Zi Jiang, Yuan Jiang og Lishui. Dessutan munnar Xiao Jiang ut i Xiang Jiang tett ved Changsha, før Xiang Jiang munnar ut i innsjøen.

Storbyar nær Dongtingtsjøen

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Dongtingsjøen