Domenico Cimarosa
Domenico Cimarosa | |||
Domenico Cimarosa | |||
Fødd | 17. desember 1749 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Aversa i Italia | ||
Død | 11. januar 1801 (51 år) | ||
Dødsstad | Venezia | ||
Opphav | Republikken Venezia | ||
Periode | Klassisismen | ||
Sjanger | Opera, klavermusikk, solokonsert | ||
Verka som | Komponist |
Domenico Cimarosa (fødd 17. desember 1749 i Aversa i provinsen Caserta, død 11. januar 1801 i Venezia) var ein italiensk operakomponist frå den napolitanske skulen. Han skreiv meir enn 80 operaer, mellom anna meisterverket Il matrimonio segreto (1792).
Liv
[endre | endre wikiteksten]Cimarosa var son av ein fattig murar og kom frå ein arbeidarklassefamilie. Han studerte musikk ved Conservatorio Santa Maria di Loreto frå 1761 til 1772. Av lærarane hans var den kjende Niccolò Piccinni, rivalen til Christoph Willibald Gluck i Frankrike. Den første operaen hans var Le stravaganza del conte. Han hadde premiere i Napoli i 1772, og vart så suksessrik at Cimarosa raskt vart respektert. Dei neste åra var han i Roma og Napoli, og komponerte over 20 operaer for desse to byane. Operaene hans vart sette opp internasjonalt i Paris, Wien, Dresden og London. I 1787 inviterte Katarina II han til St. Petersburg. Under opphaldet i Russland heldt Cimraosa fram med å komponere i høgt tempo. La Cleopatra og La vergine del sole er to verk som vart sett opp i 1788. Etter kvart tilsette Leopold II av Austerrike han som kapellmeister i hoffet hans i Wien, ei stilling som var ledig etter Antonio Salieri. Ein av dei største suksessane til Cimraosa i Wien var Il matrimonio segreto, ein fornøyeleg komisk opera full av nyskaping, som raskt gjorde keisaren til lags.[1]. Han gav heile besetninga middag og fekk dei til å framføre heile operaen på ny same kvelden. Sjølv om han mangla djupna til Mozart, hadde musikken til Cimrarosa noko av den same kvaliteten som Mozart,[1] særleg når det kom til komisk opera buffa.
Etter at keisaren døydde, vart Salieri igjen kapellmeister og Cimarosa vart sagt opp. Han forlet Wien og reiste attende til Napoli, der han vart tilsett hos kongen. Han vart hylla i Napoli som ein stor helt og hans Il matrimonio segreto vart framført 57 gonger. Dei siste leveåra til Cimraosa var derimot meir ulukkelege. Då den franske republikanarhæren marsjerte inn i Napoli, erklærte Cimraosa entusiastisk støtta si til revolusjonen. Etter at dei hadde trekt seg attende, vart han kasta i fengsel og dømd til døden. Kongen sleppte han omsider fri, men forviste han frå Napoli. Cimarosa prøvde å reise attende til Russland, men døydde i Venezia i 1801. På grunn av rykta om at han vart forgifta måtte styresmaktene utføre ein obduksjon på han.
Verk
[endre | endre wikiteksten]I tillegg til operaer skreiv Cimrosa oratorium, messer, kantatar og noko instrumental musikk.
Nokre av dei mest kjende verka hans er
- Le Astuzie Femminili, opera
- Solokonsert for to fløyter og orkester i G-dur frå 1793
- Klaversonate i G-dur
- Klaversonate i g-moll
- Il Maestro Di Cappella, intermezzo for baryton og orkester
- Il Matrimonio Segreto, opera frå 1793
- Obokonsert i C-dur/c-moll
- Kvartett for fløyte, fiolin, bratsj og cello, nr. 1-6
- Il Falegname, opera 1780
- Giuditta 1782
- Ballerina amante, opera
- Sacrificio Di Abramo 1786
- Traci Amanti, opera 1793
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Domenico Cimarosa på Allmusic av Rita Laurance. Henta 22. juli 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fritt tilgjengelege notar av Domenico Cimarosa ved International Music Score Library Project (IMSLP)
- Gratis notar by Domenico Cimarosa på Werner Icking Music Archive (WIMA)
- Fritt tilgjengelege notar av Domenico Cimarosa i Choral Public Domain Library (ChoralWiki)
- Manuskript på nettet