Djatkovo
Djatkovo Дятьково | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Brjansk oblast | |
Først nemnd i Bystatus |
1626 1938 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
32 863 | |
Koordinatar | 53°36′N 34°20′E / 53.600°N 34.333°E | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Retningsnummer (tlf) | +7 = 48333 | |
Nettstad: www.bryansk.ru/btpp/dyatkovo/ |
Djatkovo (russisk Дя́тьково) er ein by i Brjansk oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Bolva, ei sideelv til Desna, rundt 40 km nordvest for Brjansk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Busetnaden vart oppretta i 1626. Han fekk bystatus i 1927.
Brjansk oblast var eit senter for partisanrørsla under den andre verdskrigen. I februar 1942 klarte sovjetiske partisanar å vinne attende kontrollen i Djatkovo og nærliggande landsbyar. Området låg langt inne i nazi-okkupert område. Partisanane gjenoppretta sovjetisk styre og dreiv eit sjukehus og diverse butikkar. Området vart gjenerobra av tyske styrkar i juni 1942.
Økonomi og næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Djatkovo er mest kjend for glasverket sitt og for Djatkovo krystallmuseum (eit museum for glaskunst), som er det største i landet i sitt slag. Byen har òg ein større møbelfabrikk.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Djatkovo rajon Arkivert 2008-03-28 ved Wayback Machine. (russisk)
- Om Djatkovo på MojGorod.ru (russisk)
- Djatkovo krystallmuseum (engelsk/russisk)
- Djatkovo Krystall (glassverk) (engelsk/russisk)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Djatkovo» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2009.