Discovery av Mike Oldfield
Discovery Studioalbum av Mike Oldfield | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. juni 1984 | |
Innspelt | Januar til juni 1984 | |
Studio | Villars-sur-Ollon, Sveits[1] | |
Sjanger | Progressiv rock, poprock | |
Lengd | 40:57 | |
Selskap | Virgin | |
Produsent | ||
Mike Oldfield-kronologi | ||
---|---|---|
Crises (1983) |
Discovery | The Killing Fields (1984)
|
Singlar frå Discovery | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Discovery (trykt som Discovery & the Lake på baksida og ryggen av plateomslaget) er det niande studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, utgjeve 25. juni 1984 på Virgin Records. Etter turneen hans i 1983, flytta Oldfield til Villars-sur-Ollon i Sveits av skatteårsaker og byrja å arbeide på eit nytt album.[1] I Villars komponerte Oldfield òg filmmusikken til The Killing Fields (1984). Utval frå desse to kom ut som The 1984 Suite i 2016.
Bakgrunn og innspeling
[endre | endre wikiteksten]Albumet vart spelt inn frå januar til juni 1984.[3] Ein typisk arbeidsdag byrja kl. 1030 og slutta kl. 1900.[3]
Albumet inneheld fleire popsongar, som Oldfield vart oppfordra av Virgin Records til å skrive etter suksessen med «Moonlight Shadow» frå det førre albumet hans, Crises.
Det første sporet på albumet, «To France», er sungen av Maggie Reilly. Det andre sporet, «Poison Arrows», glir over frå slutten av «To France» og vert sungen av Barry Palmer. I følgje Oldfield var «The Lake» inspirert av tida hans i Sveigs og kring Genfersjøen.[4]
Oldfield la ut på ein Europa-turné i 1984 for å marknadsføre albumet.
2016-utgåva
[endre | endre wikiteksten]Discovery kom ut på ny i luksusutgåve 29. januar 2016,[5] som alle dei tidlegare albuma hans var blitt åra før. Nyutgjevinga inneheld to plater, sjølve Discovery og 1984 Suite, og ein DVD med plata i 5.1-kringlyd.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Mike Oldfield.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «To France» | 4:37 |
2. | «Poison Arrows» | 3:57 |
3. | «Crystal Gazing» | 3:02 |
4. | «Tricks of the Light» | 3:52 |
5. | «Discovery» | 4:35 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Talk About Your Life» | 4:24 |
7. | «Saved by a Bell» | 4:39 |
8. | «The Lake» | 12:10 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
9. | «To France» (lang versjon) | 5:34 |
10. | «In the Pool» | 3:42 |
11. | «Bones» | 3:21 |
12. | «Afghan» | 2:42 |
13. | «Tricks of the Light» (B-side, instrumental) | 3:55 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «To France» | 4:48 |
2. | «The Lake» | 13:32 |
3. | «The Killing Fields (Main Theme)» | 2:44 |
4. | «Étude» | 4:38 |
5. | «The Royal Mile» | 3:37 |
6. | «Zombies (Halloween Special)» (Versjon av «Poison Arrows» med ny vokal) | 3:45 |
7. | «Discovery» | 4:28 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Mike Oldfield – alle instrument (utanom trommer), produsent
- Maggie Reilly – vokal
- Barry Palmer – vokal
- Simon Phillips – trommer, produsent
- Teknisk
- Dan Kramer – fotografi
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Det tyske electronica-prosjektet Meteor Seven gav ut sporet «Signs of Life» med ein vokal-sampling frå sporet «Talk About Your Life». Det tyske techno hard dance-bandet Scooter gav ut ein versjon av sporet «Talk About Your Life» på albumet deira Music for a Big Night Out.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Albumet nådde tredjeplassen på den norske VG-lista, og låg 13 veker inne på lista. Det nådde òg 15. plassen på UK Albums Chart.
Liste (1984) | Plassering |
---|---|
Austerrikske album (Ö3 Austria)[6] | 3 |
Nederlandske album (MegaCharts)[7] | 2 |
Tyske album (Media Control)[8] | 1 |
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[9] | 47 |
Norske album (VG-lista)[10] | 3 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[11] | 3 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[12] | 1 |
Britiske album (OCC)[13] | 15 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Frankrike (SNEP)[14] | Gull | 100 000* |
Tyskland (BVMI)[15] | Gull | 250 000^ |
Spania(PROMUSICAE)[16] | Platina | 100 000^ |
Storbritannia (BPI)[17] | Gull | 100 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Discovery (Mike Oldfield album)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juli 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Mike Oldfield Discography - Discovery». Tubular.net. Henta 1. juli 2020.
- ↑ Discovery av Mike Oldfield på Allmusic
- ↑ 3,0 3,1 Oakes, Tim (September 1984). «Mike Oldfield». Unknown. Arkivert frå originalen 27. august 2019. Henta 1. juli 2020 – via JustOneMoreThing.com.
- ↑ Mike Oldfield (2. august 2012), Two Sides Sleeve Notes, Mercury Records, henta 30. juni 2020
- ↑ Sinclair, Paul (30. oktober 2015). «Mike Oldfield revisits 1984 with reissues and new rarities set». Super Deluxe Edition. Henta 1. juli 2020.
- ↑ "Mike Oldfield - Discovery" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Discovery". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
- ↑ "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 30. juni 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Discovery". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Discovery". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Discovery". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
- ↑ "Mike Oldfield – Discovery". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
- ↑ "1984-07-07 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 30. juni 2020.
- ↑ «Les Certifications depuis 1973: Albums». Infodisc.fr. Henta 30. juni 2020. (select «Mike Oldfield» from drop-down list)
- ↑ «Gold-/Platin-Datenbank (Mike Oldfield; 'Discovery')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 30. juni 2020.
- ↑ Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990 (på spansk), Iberautor Promociones Culturales, ISBN 8480486392, henta 30. juni 2020
- ↑ «British album salstrofé – Mike Oldfield – Discovery». British Phonographic Industry. Henta 30. juni 2020. Enter Discovery in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go