Dimitrovgrad i Russland
Utsjånad
- Dimitrovgrad er òg namnet på andre byar i Europa.
Dimitrovgrad Димитровград | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Uljanovsk oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1698 1919 | ||||
Borgarmeister | Vladimir Bondarev | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
42 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
127 000 3 023,8 /km² | ||||
Koordinatar | 54°13′N 49°36′E / 54.217°N 49.600°E | ||||
Høgd over havet | 60 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 433500–433515 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)84235 | ||||
Nettstad: www.dimitrovgrad.ru |
Dimitrovgrad (russisk Димитровгра́д) er ein by i Uljanovsk oblast i Russland med om lag 125 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Melekes, ei sideelv til Bolsjoj Tsjeremsjan, rundt 80 km aust for Uljanovsk.
Busetnaden vart grunnlagd i 1698 for arbeidarar ved det lokale destilleriet, som vart lagt ned i 1848. Han var formelt ein landsby til 1919. I 1897 var innbyggjartalet 8 500. Byen heitte Melekess etter byelva til 1972, då han vart omdøypt til Dimitrovgrad, etter den bulgarske kommunisten Georgi Dimitrov.
Næringslivet i Dimitrovgrad omfattar ein bildelprodusent (forgasserar og drivstoffpumper), ein teppeprodusent og ein produsent av kjemisk prosessutstyr. Den viktigaste verksemda i byen er Det føderale kjernefysiske forskningssenteret.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dimitrovgrad i Russland» frå Wikipedia på bokmål, den 5. januar 2009.