Hopp til innhald

Dataspelet Celeste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Celeste

Utviklar(ar)Maddy Makes Games
Utgjevar(ar)Maddy Makes Games
DistributørHumble Store, Steam, itch.io, Nintendo eShop, PlayStation Store, Microsoft Store, Epic Games Store, Google Stadia
Programmerar(ar)Noel Berry, Maddy Thorson
Komponist(ar)Lena Raine
SerieCeleste
SpelmotorMicrosoft XNA
Siste versjon1.4.0.0
Plattform(er)Microsoft Windows, Nintendo Switch, Linux, macOS, PlayStation 4, Xbox One
Utgjeving25. januar 2018
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI 7
Nettstadhttps://www.celestegame.com
Del av serien Celeste⠀

Celeste er eit plattformspel utvikla og utgjeve av dei canadiske spelutviklarane Maddy Thorson og Noel Berry. Spelet var opphavleg utvikla som ein prototype i løpet av fire dagar under ein game jam, og blei seinare utvida til ei komplett utgjeving. Celeste blei utgjeve i januar 2018 til Microsoft Windows, Nintendo Switch, PlayStation 4, Xbox One, macOS, og Linux.

I Celeste kontrollerer spelaren ei jente ved namnet Madeline, som er i ferd med å klatre opp eit fjell samtidig som ho må unngå ei rekkje dødelege hindringar. I tillegg til å kunne hoppe og klatre opp vegger, kan Madeline gjere ein rykk medan ho er i lufta, som gjev ho større rekkjevidde. Denne rørsla kan berre gjerast ein gong og blir lada opp når Madeline landar på jorda eller råkar visse objekt.[1]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Celeste review». Eurogamer. Henta 2. april 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]