Darlene Love
Darlene Love | |||
| |||
Fødd | 26. juli 1941 (83 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles | ||
Fødenamn | Darlene Wright | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1959– | ||
Sjanger | R&B, rock, soul, jazz | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | alt | ||
Plateselskap | Challenge, Philles, OKeh, Reprise, Ode, MGM, Bell, Lion | ||
Verka som | songar, filmskodespelar | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame, Grammy Award for Best Music Film |
Darlene Love, fødd Darlene Wright (fødd 26. juli 1941)[1] er ein amerikansk songar av populærmusikk som særleg var verksam på 1960-talet.
Love blei lansert av Phil Spector og var medlem av gruppene The Blossoms og The Crystals. Blant dei best kjende songane hennar er «He's a Rebel», «He's Sure the Boy I Love» og «Today I Met the Boy I'm Gonna Marry». Darlene Love var kanskje den viktigaste artisten til Phil Spector då ho song med som hovudsongar eller i koret i fleire av gruppene han lanserte. Love var òg med i Blue Jeans som saman med Bob Soxx gjorde dei siste opptaka sine hos Phil Spector på julalbumet A Christmas Gift for You from Phil Spector frå 1963 der dei framfører «The Bells of St Mary's» og «Here Comes Santa Claus». Darlene Love gjorde òg eigne opptak som hovudartist.
Love har òg verka som skodespelar, og spelte Trish Murtaugh i Dødelig våpen-filmane.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Love var fødd som Darlene Wright i Los Angeles i 1941. Foreldra var Ellen Maddox og presten Joe Wright.[2][3] Ho hadde fire sysken, og systera Edna voks opp til å bli hovudvokalisten i gruppa Honey Cone.[4]
Familien budde ei tid i San Antonio i Texas, der faren fekk ansvaret for si eiga kyrkje. Her byrja Darlene å synga i klubbar på skulen. Då famiien flytta tilbake til California i 1956 blei ho med i kyrkjekoret.[5] Medan ho framleis gjekk på high school, i 1957, song ho med doo-wop-gruppa Echoes.[6] Ho blei så beden med i jentegruppa The Blossoms.[7]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]The Blossoms hadde suksess som bakgrunnssongarar, og Love song med musikarar som Sam Cooke, Dionne Warwick, Bill Medley, The Beach Boys, Elvis Presley, Tom Jones og Sonny and Cher. Gruppa opptredde mellom anna på hittar som «Be My Baby» av The Ronettes, «Johnny Angel» av Shelley Fabares, «Monster Mash» av Bobby «Boris» Pickett, Frank Sinatra-versjonen av «That's Life», «Poor Side of Town», «Baby I Need Your Loving» og «The Tracks of My Tears» av Johnny Rivers og «Da Doo Ron Ron» av The Crystals. Som soloartist song Love også bakgrunnsvokal på The Ronettes sin «Baby, I Love You». Gruppa spelte også inn eigne singlar, men hadde hatt lite suksess.
I 1962 byrja The Blossoms arbeida med produsenten Phil Spector. I november 1962 fekk Spector gruppa til å spela inn singelen «He's a Rebel» med Love som hovudvokalist. Han ville skunda seg og ha sin versjon av songen ute før den til Vicki Carr. Gruppa fekk godt betalt, men singelen blei godskriven The Crystals, ei anna gruppe Spector produserte.[8] Singelen blei den første av ei rekkje innspelingar Love gjorde for Spector i grupper med ulike namn, som Bob B. Soxx & the Blue Jeans, som fekk ei topplisteplassering med «Zip-a-Dee-Doo-Dah» i 1963. Til slutt skal Love ha protestert mot namnebytta, og insistert på å opptre som seg sjølv. Spector gjekk med på det, men gav henne kunstnarnamnet Love etter ein favorittgospelsongar, Dorothy Love Coates.[8] Ho er mellom anna kreditert som soloartist på albumet A Christmas Gift for You from Phil Spector frå 1963
The Blossoms fekk etterkvart opptre kvar veke på Shindig! på ABC, eit av dei største musikkprogramma på amerikansk fjernsyn på den tida. Dei var også med på Elvis Presley's '68 Comeback Special på NBC.
Darlene Love og Rob Hoerburger, redaktør og skribent for New York Times, skreiv sjølvbiografien hennar My Name Is Love som kom ut i 1998.[9]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]I 1995 vann Love Rhythm and Blues Foundation sin Pioneer Award.[10]
I 2011 blei Love teken inn i Rock and Roll Hall of Fame,[11] markert med ein tale halden av Bette Midler.[12][13] Midler sa: «She changed my view of the world, listening to those songs, you had to dance, you had to move, you had to keep looking for the rebel boy.» Ein gråtkjøvd Love sa i ein takketale at ho kom til å bli 70 seinare same året, og takka Spector «for recognizing my talent and making me the main voice in his Wall of Sound.» Seinare framførte ho «Zip-A-Dee-Doo-Dah» der Bruce Springsteen spelte ein gitarsolo.[14]
Love gav opningskonserten då Clermont Performing Arts Center i Clermont i Florida opna 26. september 2015.[15]
Diskografi (utval)
[endre | endre wikiteksten]- Album
- 1963 – Fleire artistar: Today's Hits (Philles Records #4004)
- 1963 – Fleire artistar: A Christmas Gift for You from Philles Records (Philles Records #4005)
- 1977 – Fleire artistar: Phil Spector's Greatest Hits (Warner/Spector Records #9104)
- 1978 – Fleire artistar: Lakeshore Music presents Rock and Roll Forever (Warner Special Products #2508)
- 1985 – Leader of the Pack Original Broadway-oppsetting (Elektra Records #60420)
- 1985 – Darlene Love Live! (Rhino Records RNLP #855)
- 1988 – Paint Another Picture (Columbia Records #40605)
- 1990 – Fleire artistar: Dick Tracy: Music from and inspired by the film (Sire/Reprise Records #26236)
- 1991 – Fleire artistar: Back to Mono (1958–1969) (ABKCO Records #7118) (box set)
- 1992 – Fleire artistar: A Very Special Christmas 2 (A&M Records #450003)'
- 1992 – The Best of Darlene Love (The Philles Recordings) (ABKCO Records #7213)
- 1992 – Bringing It Home (with Lani Groves) (Shanachie Records #9003)
- 1998 – Fleire artistar: Grease Is the Word (Rhino Records)
- 2007 – It's Christmas of Course (Shout! Factory Records #10569)
- 2008 - So Much Love: A Darlene Love Anthology 1958–1998 (Ace CDCHD 1169)
- 2011 - The Sound of Love: The Very Best of Darlene Love
- 2015 - Introducing Darlene Love (Wicked Cool/Columbia/SME)
- Hitsinglar (på Billboard Hot 100)
- 1961 – Son-In-Law (med The Blossoms) (#79)
- 1962 – He's a Rebel (med The Crystals) (#1)
- 1962 – Zip-a-Dee-Doo-Dah (med Bob B. Soxx & the Blue Jeans) (#8)
- 1962 – He's Sure the Boy I Love (med The Crystals) (#11)
- 1963 – Why Do Lovers Break Each Other's Heart (med Bob B. Soxx & the Blue Jeans) (#38)
- 1963 – Today I Met the Boy I'm Gonna Marry/My Heart Beat a Little Bit Faster (#39)
- 1963 – Not Too Young to Get Married" (med Bob B. Soxx & the Blue Jeans, gjestevokal av Bobby Sheen) (#63)
- 1963 – Wait ‘til My Bobby Gets Home" /Take It From Me (#26)
- 1963 – A Fine, Fine Boy" (#53)
- 1992 – All Alone on Christmas" (frå filmen Home Alone 2: Lost in New York) (#83)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ My Name Is Love : The Darlene Love Story / Darlene Love with Rob Hoerburger. - New York : Morrow, 1998. 303 s. ISBN 0-688-15657-6.
- ↑ «Darlene Wright in the California birth index». «Darlene Wright, 26 July 1941, Mother's Maiden Name: Maddox»
- ↑ Love, Darlene; Hoerburger, Rob (2013). My Name Is Love: The Darlene Love Story. HarperCollins. ISBN 978-0062305510.
- ↑ «Edna Wright - Biography & History». AllMusic.com. Henta 28. desember 2016.
- ↑ http://darleneloveworld.com/my-new-book/
- ↑ Doo-Wop Group Biographies: The Echoes/Poets
- ↑ «Darlene Love spreads Christmas cheer». CBS News. 25. desember 2011. Henta 24. mars 2012.
- ↑ 8,0 8,1 «Darlene Love: A Prominent Star, Born In The Background». NPR. 16. februar 2011. Henta 11. august 2014.
- ↑ Love, Darlene; Hoerburger, Rob (1998). My Name is Love (1st utg.). New York, NY: William Morrow and Co. ISBN 9780688156572. OCLC 39189821.
- ↑ «Darlene Love». History-of-rock.com. 26. juli 1938. Henta 11. august 2014.
- ↑ «Darlene Love: A Prominent Star, Born In The Background». NPR. 16. februar 2011. Henta 14. april 2012.
- ↑ «Darlene Love: inducted in 2011». The Rock and Roll Hall of Fame and Museum. Arkivert frå originalen 3. mai 2011. Henta 11. august 2014.
- ↑ Greene, Andy (March 15, 2011). «Alice Cooper, Darlene Love, Neil Diamond Make for Unforgettable Rock and Roll Hall of Fame Ceremony». Arkivert frå originalen 30. desember 2012. Henta 15. mars 2011.
- ↑ LA Times Blog (14. mars 2014). «Live from the Rock and Roll Hall of Fame induction ceremony: Tom Waits, Dr. John, Darlene Love, Alice Cooper and Neil Diamond celebrate in New York». The Los Angeles Times. Henta 5. juni 2014.
- ↑ Violanti, Tony (September 27, 2015). «Villagers enjoy performance of Darlene Love at new performing arts center». Villages-News.com. Henta 28. september 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Darlene Love» frå Wikipedia på svensk, den 27. april 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Darlene Love» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mai 2020.