Dance You Off
«Dance You Off» Song av Benjamin Ingrosso | ||
Land | Sverige | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 24. februar 2018 | |
Sjanger | Pop, elektropop | |
Lengd | 03:02 | |
Selskap | TEN, Sony Music Entertainment | |
Låtskrivar(ar) | Benjamin Ingrosso, MAG, Louis Schoorl, K Nita |
---|
«Dance You Off» er ein svensk song frå 2018 som vert framført av songaren Benjamin Ingrosso. Han skreiv songen saman med låtskrivarane MAG, Louis Schoorl og K Nita.[1][2] «Dance You Off» vann Melodifestivalen 2018 og var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa. Songen vart lagd ut for digitalt sal og strøyming 24. februar 2018.[3]
Melodifestivalen
[endre | endre wikiteksten]«Dance You Off» var eit av 2 771 bidrag som vart sende inn til Melodifestivalen, og var eit av 28 bidrag som vart plukka ut til å delta i den svenske finalen. «Dance You Off» deltok i den fyrste semifinalen i Löfbergs Arena i Karlstad laurdag 3. februar 2018. Der vann han semifinalen og kvalifiserte seg til finalen i Friends Arena i Stockholm 10. mars 2018. I finalen fekk «Dance You Off» flest poeng i både jury- og telefonavrøystinga og vann tevlinga.
Som vinnar vart «Dance You Off» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2018. Songen deltok i den andre semifinalen torsdag 10. mai i Lisboa og kvalifiserte seg til finalen laurdag 12. mai.[4] I finalen var Sverige det 20. landet på scena av 26 deltakarland. Etter juryavrøystinga låg «Dance You Off» på andreplass, bak Austerrike, men i telefonavrøystinga enda låten heilt nede på 23. plass, og fekk til slutt ein sjuandeplass samanlagt.[5]
Teksta
[endre | endre wikiteksten]«Dance You Off» handlar om ein mann som prøver å gløyme sin kjærleik – blant anna ved å forsøke å danse vekk minnet. Ingrosso har fortalt at teksta er basert på ei kjærleikskrise han sjølv opplevde.[6][7]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Liste (2018) | Høgaste
plassering |
---|---|
Frankrike (SNEP)[8] | 76 |
Hellas (IFPI Digital Singles)[9] | 65 |
Island (RÚV Top 20)[10] | 15 |
Skottland (Official Charts)[11] | 80 |
Spania (PROMUSICAE)[12] | 69 |
Storbritannia (Official Charts – download)[13] | 61 |
Sverige (Sverigetopplistan)[14] | 2 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Benjamin Ingrosso – Dance You Off - Melodifestivalen» (på svensk). Sveriges Radio. Henta 11. mars 2018.
- ↑ «Benjamin Ingrosso – Dance You Off». Henta 27. februar 2018.
- ↑ «Dance You Off - Single by Benjamin Ingrosso on Apple Music» (på engelsk). 24. februar 2018. Henta 11. mars 2018.
- ↑ «Sweden:Benjamin Ingrosso wins Melodifestivalen 2018 with "Dance You Off"- wiwibloggs». wiwibloggs. 10. mars 2018.
- ↑ «Sweden – Eurovision Song Contest». Henta 14. mai 2018.
- ↑ «Benjamin Ingrosso sjunger om sin kärlekskris: ”Mörkt”». Aftonbladet (på svensk).
- ↑ «Benjamin Ingrosso – Dance You Off» (på engelsk). Henta 11. mars 2018.
- ↑ Hung, Steffen. «lescharts.com - Benjamin Ingrosso - Dance You Off». Henta 17. juni 2018.
- ↑ «Official IFPI Charts-Digital Singles Chart» (på gresk). IFPI.gr. Arkivert frå originalen 30. mai 2018.
- ↑ «TOPPLISTINN 26. MAI 2018». RÚV. Arkivert frå originalen 24. mai 2018. Henta 25. mai 2018.
- ↑ «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 17. juni 2018.
- ↑ Hung, Steffen. «spanishcharts.com - Benjamin Ingrosso - Dance You Off». Henta 17. juni 2018.
- ↑ «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 10. mars 2018.
- ↑ «Sverigetopplistan - Sveriges Officiella Topplista» (på svensk). Henta 19. mai 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Dance You Off» frå Wikipedia på bokmål, den 27. desember 2021.