Hopp til innhald

Dagmar Salén

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dagmar Salén


Statsborgarskap Sverige
Fødd 22. mai 1901
Örebro
Død 20. desember 1980 (79 år)
Stockholm
Idrett segling
Tok del i Sommar-OL 1936

Dagmar Salén (22. mai 190120. desember 1980) var ein svensk seglar som deltok i dei olympiske leikane i 1936 i Berlin.

Salén var fødd Mörner. I 1931 gifta ho seg med reiaren Sven Salén (1890–1969). Dei fekk sonen Sven H. Salén.[1]

Salén vann olympisk bronsemedalje i segling under Sommar-OL 1936 i Berlin. Ho var med på den svenske båten «May Be» som kom på tredjeplass i 6-metersklassen bak britiske «Lalage» og norske «Lully II». Seglingane blei avvikla utanfor Kiel i perioden 4.-12. august 1936. Mannskapet på «May Be» var Sven Salén, Lennart Ekdahl, Martin Hindorff, Torsten Lord og Dagmar Salén.

OL-medaljar

[endre | endre wikiteksten]
  • 1936 Berlin – Bronse Bronse i segling, 6-metersklassen  Sverige
  1. Salén, Sven G i Vem är Vem? : Stor-Stockholm (2:a upplagan, 1962)