Carlsberg
Carlsberg er eit dansk bryggeri som vart grunnlagd i 1847 av J.C. Jacobsen. Hovudkvarteret er i København i Danmark. Hovudmerket deira er Carlsberg, men dei brygger òg Tuborg og fleire lokale øltypar.[1] Etter samanslåinga med det norske konglomeratet Orkla ASA i januar 2001 vart Carlsberg den femte største bryggerigruppa i verda. Carlsberg er den leiande på ølsalg i Russland med rundt 40 prosent av marknaden.[2] I 2009 vart Carlsberg det fjerde største bryggeriet i verda med rundt 45 000 tilsette.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Carlsberg vart grunnlagd av J.C. Jacobsen og første brygget deira var ferdig 10. november i 1847. Carlsberg byrja eksportere øl i 1868 og brygging utanlands byrja i 1968 med opninga av eit bryggeri i Blantyre i Malawi.[4] Den opphavlege logoen viste ein elefant og ein svastika. Svastikaen kvitta dei seg med i 1930-åra, då det tyske nazistpartiet tok hevd på symbolet og sulka det til. Grunnleggjaren J.C. Jacobsen var ein filantrop og ihuga kunstsamlar. Han samla seg ei imponerande kunstsamling som no er i Ny Carlsberg Glyptotek i København.
Jacobsen starta Carlsberg Laboratorium i 1875. Der skulle ein arbeide med vitskaplege problem knytte til brygging. Laboratoriet fekk ei kjemiavdeling og ei fysiologisk avdeling. Gjærarten som blir brukt til å lage lys lager, Saccharomyces carlsbergensis, vart isolert på laboratoriet og namngitt etter det. Konseptet pH vart utvikla der saman med utvikling innan proteinkjemi.[5]
Den første lisensen i USA vart gitt til Photos Photiades Breweries, og i 1966 vart Carlsberg-øl brygga for første gongen utanfor Danmark ved Photiades bryggeri på Kypros. Carlsberg overtok Tuborg-bryggeria i 1970 og slo seg saman med Tetley i 1992. I 2008 kjøpte Carlsberg, saman med Heineken, Scottish & Newcastle bryggeri, det største bryggeriet i Storbritannia.
Regionale operasjonar
[endre | endre wikiteksten]Carlsberggruppa delar operasjonane sine inn i tre markeder: Nord- og Vest-Europa, Aust-Europa og Asia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Carlsberg Group» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2013.
- ↑ Nettstaden til Carlsberg Group, arkivert frå originalen 7. februar 2012, henta 11. juli 2013
- ↑ Andrew E. Kramer (Jul 20, 2011), «Russian Law to Restrict Beer Sales», The New York Times
- ↑ Pubzone.com, arkivert frå originalen 6. august 2010, henta 11. juli 2013
- ↑ Nettstaden til Carlsberg Group
- ↑ "Sørensen, Søren Peter Lauritz (1868–1939)" Arkivert 2006-10-04 ved Wayback Machine.. 100 Distinguished European Chemists. European Association for Chemical and Molecular Sciences. Retrieved 2007-01-09.