Carl Nielsen
Carl Nielsen | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 9. juni 1865 Sortelung, Nørre Lyndelse |
Død |
3. oktober 1931 (66 år) |
Yrke | dirigent, klassisk komponist, koreograf, sjølvbiograf, musikkpedagog, pianist, komponist |
Språk | dansk |
Ektefelle | Anne Marie Carl Nielsen |
Nettstad | http://carlnielsen.dk |
Carl Nielsen på Commons |
Carl Nielsen (9. juni 1865–3. oktober 1931) var ein dansk komponist og dirigent.
Carl Nielsen var fødd i Sortelung ved Nørre Lyndelse på Fyn, der han voks opp. Faren var gardsarbeidar, men tente litt ekstra som landsbymusikant. Han lærte barna sine å spele fiolin. Her viste Carl Nielsen sitt store talent seg. Han fekk plass som trombonist i eit militærorkester. Her lærte han å spele på ei rekkje instrument, og blei forfremja til korporal. Dette opna sjansane for ein friplass på musikkonservatoriet.
Som komponist er Carl Nielsen blitt karakterisert som det største nordiske musikktalentet i si tid. Han skreiv alt frå enkle melodiar til symfoniar og operaer. Carl Nielsen sitt portrett pryder dei danske 100-kronersetlane.
Nielsen var gift med bilethoggaren Anne Marie Carl Nielsen.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Orkesterverk
[endre | endre wikiteksten]- Symfoni nr 1 (1891-92)
- Symfoni nr 2 - De fire Temperamenter (1901-02)
- Symfoni nr 3 - Sinfonia Espansiva (1910-11)
- Violinkonsert (1911)
- Symfoni nr 4 - Det Uudslukkelige (1914-16)
- Symfoni nr 5 (1920-1922)
- Symfoni nr 6 - Sinfonia Semplice (1924-25)
- Klarinettkonsert (1928)
Kammermusikk
[endre | endre wikiteksten]- Blåsekvintett (1922)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Carl Nielsen» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2008.