Byar i Latvia
Utsjånad
Det er 77 byar i Latvia (latvisk: Pilsētas). Etter latvisk lov vert byrettar gjeve til busetnadar som er senter for kultur og produksjon med velutvikla infrastruktur og offentlege institusjonar, og som minst har 2000 innbyggjarar. I visse høve, om ein by fyller alle andre krav, kan han ha færre innbyggjarar. Byena vert vidare delt inn i regionsbyar(latvisk Rajonu pilsētas) og republikkbyar (latvisk Republikas pilsētas) eller storbyar (latvisk Lielpilsētas). Krav for å verte ein storby er velutvikla industri, transport, offentlege instritusjonar og infrastruktur eller vere eit viktig senter for kultur og sosialarbeid. I tillegg skal han minst 50 000 innbyggjarar men kan han likevel få status som storby om han oppfyller dei andre krava.
Store byar
[endre | endre wikiteksten]By | Byrettar | Folketal (2004) | Region |
Daugavpils | 1582 | 111231 | Latgale |
Jelgava | 1573 | 66088 | Zemgale |
Jūrmala | 1959 | 55452 | Vidzeme |
Liepāja | 1625 | 86476 | Kurzeme |
Rēzekne | 1773 | 37223 | Latgale |
Rīga | 1225 | 735241 | Vidzeme |
Ventspils | 1378 | 44130 | Kurzeme |
Regionale byar
[endre | endre wikiteksten]Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «List of cities in Latvia» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Par Latvijas Republikas administratīvo teritoriju izveidošanu un apdzīvoto vietu statusa noteikšanu
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Vietas.lv- Kart og informasjon om byar i Latvia
- «Kart». Arkivert frå originalen 12. desember 2007. Henta 21. januar 2008.
- Interaktivt kart