Burt Lancaster
Burt Lancaster | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 2. november 1913 New York by |
Død |
20. oktober 1994 (80 år) |
Yrke | filmprodusent, manusforfattar, filmskodespelar, filmregissør, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, sirkusartist, skodespelar, offiser, regissør, produsent, skribent, militær |
Språk | engelsk |
Høgd | 185 centimeter |
Politisk parti | Det demokratiske partiet i USA |
Religion | ateisme, ikke-praktiserende katolikk |
Ektefelle | Norma Anderson |
Burt Lancaster på Commons |
Burt Lancaster, fødd Burton Stephen Lancaster, (2. november 1913–20. oktober 1994) var ein amerikansk filmskodespelar og produsent. Gjennom ein 45 år lang karriere i film og fjernsyn vann han ein oscarpris som beste mannlege skodespelar (og fekk fire nominasjonar), to BAFTA-prisar og ein Golden Globe.
Lancaster opptredde som sirkusakrobat på 1930-talet. Etter å ha tent i militæret under andre verdskrigen fekk han som 32-åring ei rolle i eit skodespel på Broadway og blei oppdaga av ein agent frå Hollywood agent. Han fekk eit gjennombrot med The Killers i 1946, ein film noir der han spelte mot Ava Gardner. I 1953 spelte Lancaster elskaren til Deborah Kerr i det militære dramaet From Here to Eternity. I 1956 spelte han i The Rainmaker mot Katharine Hepburn, og i Gunfight at the O.K. Corral frå 1957 mot ein Kirk Douglas, som han kom til å opptre mykje i lag med.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Burt Lancaster» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2020.