Brennglas
Utsjånad
Brennglas er ei samlelinse eller konveks linse som vert nytta til å avbilde ei fjern, sterk lyskjelde, som til dømes sola, i brennpunktet. Sidan biletet er sterkt forminska, går det ei intens lys- og varmestråling gjennom brennpunktet. Om linsa er stor nok, kan ein brennbar lekam som ligg i brennpunktet ta fyr.
Brennglas skal visstnok ha vorte nytta som våpen i tidlegare tider, for å setje fyr på t.d. skipa til fienden, mellom anna av Arkimedes.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- brennglass. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/brennglass