Borussia Mönchengladbach
| |||
Fullt namn | Borussia VfL 1900 Mönchengladbach e.V. | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | Die Fohlen (Folane) Die Borussen (Prøysarane) | ||
Grunnlagd | 1. august 1900 | ||
Heimebane | Borussia-Park (kapasitet: 54,022) | ||
President | Rolf Königs | ||
Hovudtrenar | Adi Hütter | ||
Liga | Fußball-Bundesliga | ||
2021/22 | 10. plass i Bundesliga | ||
Nettstad | Heimeside | ||
| |||
Noverande sesong |
Borussia Mönchengladbach er ein tysk fotballklubb frå byen Mönchengladbach i delstaten Nordrhein-Westfalen. Klubben vart stifta 1. august 1900 av unge menn frå bydelen Eicken. Borussia tyder eigentleg Preussen.
Fotballklubben hadde si stordomstid frå sesongen 1969/70 til 1980. I desse åra var klubben ein av dei aller beste i Europa og vann UEFA-cuppen to gonger og nådde i 1977 finalen i Europacupen for serievinnarar, finalekampen enda med tap mot engelske Liverpool. Spelarar som Berti Vogts, Günter Netzer, Herbert Wimmer, Jupp Heynckes, Rainer Bonhof og danske Allan Simonsen var sentrale i denne perioden.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Europacupen, tapande finalist 1977 (1-3 mot Liverpool FC)
- Vinnar av UEFA-cupen 1975 og 1979
- UEFA-cupen, tapande finalist 1973 og 1980
- Vinnar av Bundesliga: 1970, 1971, 1975, 1976, 1977
- Vinnar av DFB-cup: 1960, 1973, 1995
Spelarstall
[endre | endre wikiteksten]Per 31. august 2021[1]
Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
|
|
Norske spelarar i Borussia Mönchengladbach
[endre | endre wikiteksten]- Kai-Erik Herlovsen, Gøran Sørloth, Erik Thorstvedt, Kjetil Rekdal, Morten Pedersen, Hassan El Fakiri, Håvard Nordtveit og Joshua King.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Borussia Mönchengladbach» frå Wikipedia på tysk, den 16. september 2015.