Bonde
Utsjånad
Ein bonde (norrønt bóndi, búandi, av búa 'bu, ha bustad') er ein person som driv med jordbruk. Sidan den neolittiske revolusjonen, då menneska tok til å dyrka jorda, har dette vore det viktigaste yrket i samfunnet. Likevel har bønder gjennom historia vore fattige og somme tider undertrykte. Den kommunistiske retninga maoisme gjekk ut på å gje makta i samfunnet til bøndene.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Gardbrukar - ein person som driv gard
- Forpaktar - ein bonde som leiger (forpaktar) ein gard
- Husmann - ein bonde som etter ei husmannskontrakt leiger jord av ein gardbrukar
- Leiglending - ein bonde som etter ei bygslingskontrakt leiger jord av ein gardbrukar
- Sjakkbrikka bonde
- Bondesjakk
- Odelsbonde
- Bondekannibalisme
- Gammal bondeslekt