Bolkesjø-Miland
Utsjånad
Bolkesjø-Miland er numedalsnemninga på ein av dei mest vidkjende tvibeitslåttane i hardingfeletradisjonen. Slåtten er spela i Valdres, Hallingdal og på Vestlandet. I Hallingdal er slåtten mykje nytta som lærestykke i barnespelemannslag, og er elles brukt mykje i samspel. Det er truleg Buskerud som er det gamle kjerneområdet for slåtten, og han har vore mykje nytta i Krødsherad. Bolkesjø og Miland er stader i Telemark.
Variantgruppa
[endre | endre wikiteksten]Slåtten har for det meste den same utforminga dei fleste stader. Han er etter måten meir utbygd i Telemark enn i dei andre dalføra. Hardingfeleverket har gjeve slåtten nr 477.
- a: Springar, etter Torleiv Bolstad, Øystre Slidre. Nedskrift Sven Nyhus 1976. Bolstad lærte slåtten av Torstein Rogne frå Øystre Slidre.
- b: Springar frå Sogn, etter Lars Skjervheim, Vossestrand. Nedskrift Sven Nyhus 1974. Skjervheim lærte slåtten av Georg Tistel, Vik i Sogn.
- c: Bolkesjø-Miland, etter Sverre Eggerud, Rollag. Nedskrift Sven Nyhus 1976. Egerud lærte slåtten i 1935 av Kristoffer Bråten.
- d: Springar, etter Johan Kleven, Krødsherad. Nedskrift Truls Ørpen 1915 (Ø 3). Etter far til Johan Kleven, Gamle-Kleven. Slåtten har vore vanleg i Krødsherad.
- e: Torgeir Miland, etter Johannes Dale, Tinn. Nedskrift Sven Nyhus 1975.