Blåstål og raudnebb
Blåstål og raudnebb | |
Blåstål og raudnebb-hann | |
Blåstål og raudnebb-hoe | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Orden: | Piggfinnefiskar Perciformes |
Familie: | Leppefisk Labridae |
Slekt: | Labrus |
Art: | Blåstål og raudnebb L. mixtus |
Vitskapleg namn | |
Labrus mixtus |
Blåstål og raudnebb er høvesvis hannen og hoa av leppefisk-arten Labrus mixtus. Begge kjønna er sterkt farga, og let seg vanskeleg forveksla med andre norske fisk. Lenge trudde ein dei to høyrde til forskjellige artar, sidan fargeskilnaden er så stor - hannen er blåfarga og sterkt marmorert medan hoa er raud med tre mørke flekkar bak på ryggen.
Andre namn bruka i norsk er blågume for hanfisken og raudsnik og sutar (m) for hofisken.[1] Hofisken vert på Sørlandet òg kalla sypike, eit namn som i nomeklaturen er bruka om ein annan art.[2]
Utbreiing og habitat
[endre | endre wikiteksten]Arten finst aust i Atlanterhavet frå Senegal, Asorane og Madeira. Han finst både på vest- og austsida av Storbritannia og rundt Island, i Middelhavet og Svartehavet, i Noreg nord til og med Trøndelag.
Han trivst best på hard botn frå 15 - 200 m djup. Om sommaren finn ein gjerne fisken heilt oppe i fjæra.
Formeiring
[endre | endre wikiteksten]Mange artar innan leppefiskfamilien lever hermafrodittisk – dei fleste individa startar livet som hoer og vert kjønnsmodne og gyter før nokre få skifter kjønn og vert hannar. Det er dei største eller høgst rangerte hoene som skifter kjønn, i konkurranse med andre hoer. Raunebben begynner livet som ei hoe. Nokre få vert fødde som hannar, men dei liknar hofiskane, truleg heile livet, og det er usikkert i kva grad desse primære hannane i heile tatt deltek i reproduksjonen.
Blåstålen forsvarar eit harem med mange hoer. Raudnebben gyter midtsommars etter langvarig kurtise frå blåstålen. Egga vert lagde i eit reir av algar, og hannane passar på egga til dei vert klekte.[3]
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]Carl von Linné gav arten to eller tre forskjellige namn i Systema Naturae (1758), kanskje fordi han ikkje forstod at det dreidde seg om éin art. Den internasjonale kommisjonen for zoologisk nomenklatur har i 2000 bestemt at Linnés Labrus bimaculatus skal vise til den søramerikanske cichliden Cichlasoma bimaculatum. Det gyldige namnet til blåstål og raudnebb blir da Labrus mixtus, ettersom dette namnet står før Labrus varius i Systema Naturae.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hans Ross: Norsk Ordbog (1895)
- ↑ Rødnebb i SNL
- ↑ «Blåstål» i SNL
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) blåstål og raudnebb hos Artsdatabanken
- (en) blåstål og raudnebb – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) blåstål og raudnebb i Encyclopedia of Life
- (en) blåstål og raudnebb i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) blåstål og raudnebb hos Dyntaxa
- (en) blåstål og raudnebb hos FishBase
- (en) blåstål og raudnebb hos ITIS
- (en) blåstål og raudnebb hos NCBI
- (en) Kategori:Labrus mixtus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Labrus mixtus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Labrus mixtus – detaljert informasjon på Wikispecies