Hopp til innhald

Billy Preston

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Billy Preston

Preston visiting the White House in 1974
Fødd2. september 1946(1946-09-02)
FødestadHouston i Texas
Død6. juni 2006 (59 år)
DødsstadScottsdale i Arizona
FødenamnWilliam Everett Preston
OpphavUSA
Aktiv1956–2005
SjangerR&B, rock, soul, funk, gospel
InstrumentVokal, klaverinstrument
Tilknytte artistarLittle Richard, Syreeta, Sam Cooke, The Beatles, Sly & the Family Stone, King Curtis, The Rolling Stones, Ray Charles, George Harrison, Ringo Starr & His All-Starr Band, Eric Clapton
PlateselskapDerby, Vee-Jay, Capitol, Apple, Buddah, A&M, Motown
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent
PrisarRock and Roll Hall of Fame

William Everett Preston (2. september 19466. juni 2006) var ein USA-amerikansk musikar innan R&B, rock, soul, funk og gospel. Preston var ein av dei mest etterspurte studiomusikarane på klaverinstrument i 1960-åra og spelte på den tida med artistar som Little Richard, Sam Cooke, Ray Charles og The Beatles. Han vart så kjend som soloartist med popsinglane «That's the Way God Planned It», «Outa-Space», «Will It Go Round in Circles», «Space Race» og «Nothing from Nothing». I tillegg var Preston med å skrive «You Are So Beautiful», som vart ein stor hit for Joe Cocker. Stephen Stills bad Preston om han kunne bruke uttrykket hans «if you can't be with the one you love, love the one you're with» og skapte ein hit song av det.[1]

Preston var den einaste musikaren som er omtalt på ei Beatles-plate andre enn dei fire gruppemedlemmane. Han spelte på hitten «Get Back» som er tilskriven «The Beatles with Billy Preston». Preston fortsette å spele med andre artistar, som George Harrison etter Beatles vart oppløyst, og Eric Clapton, og han spelte klaverinstrument for The Rolling Stones på mange av albuma og turneane deira i 1970-åra.

Miles Davis-albumet Get Up with It (1974) har ein song kalla «Billy Preston» til ære for han.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

[endre | endre wikiteksten]
År Albumtittel Plateselskap Merknad
1963 16 Yr. Old Soul Derby Spelt inn for Sam Cooke sitt SAR]. Gjeve ut på nytt i 1969 som Greazee Soul
1965 The Most Exciting Organ Ever VJ Records Heilt instrumentalt
Early Hits of '65 Exodus Records innspelt samstundes med The Most Exciting Organ Ever
1966 Wildest Organ in Town! Capitol Records Arrangert av Sly Stone
1967 Club Meeting Capitol Records Eit framhald av Wildest Organ in Town!
1969 That's the Way God Planned It Apple Records Debutalbumet på Apple med hitten «That's the Way God Planned It». Gjesteartistar var George Harrison, Keith Richards og Eric Clapton
1970 Encouraging Words Apple Records Gjesteartistar var George Harrison, Eric Clapton, Ringo Starr og Delaney Bramlett
1971 I Wrote a Simple Song A&M Records Debutalbumet for A&M, med hitten «Outa-Space» og bidrag frå Quincy Jones og George Harrison
1972 Music Is My Life A&M Records Inneheld hitten «Will It Go Round in Circles»
1973 Everybody Likes Some Kind of Music A&M Records Inneheld hitten «Space Race»
1974 The Kids & Me A&M Records Inneheld hitten «Nothing from Nothing» og den framtidige hitten for Joe Cocker, «You Are So Beautiful»
1975 It's My Pleasure A&M Records Nyttar meir synthesizerar enn på tidlegare Preston-album. Munnspel av Stevie Wonder på to songar og ein gjesteframføring av George Harrison
1976 Billy Preston A&M Records Gjesteartistar Jeff Beck og blåsarane til Tower of Power
1977 A Whole New Thing A&M Records Siste albumet for A&M
1979 Late at Night Motown Records Inneheld duetthitten med Syreeta Wright, «With You I'm Born Again»
1981 Billy Preston & Syreeta Motown Records album med duettar
The Way I Am Motown Records Gjesteartistar er medlemmar av Toto
1982 Pressin' On Motown Records Siste album for Motown Records
1984 On the Air Megatone Records album inneheld ei hyllest til Beatles
1986 You Can't Keep a Good Man Down D&K Records
1995 Billy's Back NuGroove Records
2001 You and I Just 2001 Med det italienske bandet Novecento

Gospelalbum

[endre | endre wikiteksten]
  • 1965: Hymns Speak from the Organ (Exodus Records, EX-53)
  • 1973: Gospel in My Soul (nyutgjeving av Hymns Speak from the Organ)
  • 1978: Behold! (Myrrh Records, MYR-1070)
  • 1980: Universal Love
  • 1994: Ministry of Music (D&K Records, D&K 86003)
  • 1996: Words and Music
  • 2001: Music from My Heart

Som studiomusikar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Song Stories: Love The One You're With». Rolling Stone. Henta 21. juli 2017. 
  2. [1]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Billy Preston