Hopp til innhald

Bill Champlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bill Champlin

Champlin i 2008
Fødd21. mai 1947 (77 år)
FødestadOakland i California
FødenamnWilliam Bradford Champlin
OpphavUSA
Aktiv1967 til i dag
SjangerRock, blues, R&B
Instrumentvokal, klaverinstrument, gitar
Kjende instrumentHammondorgel
Tilknytte artistarSons of Champlin
The Rhythm Dukes
Chicago
Neil Diamond
David Foster
PlateselskapEpic Records
Verka somMusikar
Gift medTamara Champlin
BornWill Champlin

William Bradford «Bill» Champlin (fødd 21. mai 1947) er ein amerikansk songar, gitarist, klaverinstrumentspelar, arrangør, produsent og låtskrivar. Han er særleg kjend for arbeidet sitt med Chicago og Sons of Champlin.[1] Han har vunne fleire Grammy-prisar for låtskrivinga si.

Han starta karrieren i 1966 og var ein viktig del av San Francisco-gruppa Sons of Champlin. I 1981 vart Champlin medlem av Chicago, der han har vore sidan, medan han stundom har gjeve ut soloalbum, stundom berre i Japan. Han har hatt to singlar på singellista i USA, i 1982 med «Tonight Tonight» og «Sara», ein duett med Patti LaBelle på «The Last Unbroken Heart» frå filmmusikken til TV-serien Miami Vice i 1987, og han song med Brenda Russell på jazzsaksofonist Tom Scott sitt Keep This Love Alive i 1991.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

[endre | endre wikiteksten]
  • 1978: Single (Full Moon / Epic Records)
  • 1981: Runaway (Elektra)
  • 1990: No Wasted Moments (Elektra)
  • 1992: Burn Down The Night (Emotion)
  • 1994: Through It All (Turnip The Music Group)
  • 1995: He Started To Sing (Turnip The Music Group)
  • 2008: No Place Left To Fall (DreamMakers Music)

Konsertalbum

[endre | endre wikiteksten]
  • 1996: Mayday (Champlin Records)
  • 1978: «What Good is Love"
  • 1981: «Satisfaction"
  • 1981: «Tonight, Tonight"
  • 1981: «Sara"
  • 1990: «The City"
  • 1991: «Memories of Her"
  • 1996: «Southern Serenade"
  1. Ruhlmann, William. «Biography: Bill Champlin». Allmusic. Henta 26. april 2010. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]