Berdan Çayı
Utsjånad
Berdan Çayı | |||
elv | |||
Berdanfossen
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Berdan Çayı 36°47′00″N 34°51′07″E / 36.783333333333°N 34.851944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Berdan River |
Berdan Çayı, òg kalla Tarsus-elva, (latinsk Cydnus) er ei elv i provinsen Mersin, sør i Tyrkia. Den historiske byen Tarsus ligg ved elva, som munnar ut i Middelhavet.
Kjelda til elva er i Taurusfjella med dei to kjeldeelvane Kadıncık og Pamukluk. Totalt har elva ei lengd på 124 km (inkludert Kadıncık). Sjølv om elva er forholdsvis kort, er middelvassføringa 42 m3/s,[1] som er større enn dei fleste andre elvar i nærleiken. Nedslagsfeltet hennar er 1592 km2. Like nord for Tarsus dannar elva ein foss, som er ein populær utfluktsstad.
Det er fire demningar langs Berdan. Dei vert nytta for å kontrollere vassføringa og i samband med produksjon av elektrisitet.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ A report by University of Mersin Arkivert 2010-03-31 ved Wayback Machine. (engelsk)
- ↑ A report by Chamber of Electrical Engineers, Mersin Branch[daud lenkje] (på tyrkisk)
- Denne artikkelen bygger på «Berdan River» frå Wikipedia på engelsk, den 11. august 2012.