Hopp til innhald

Ben Lomond

Koordinatar: 56°11′26″N 4°37′59″W / 56.19063°N 4.63317°W / 56.19063; -4.63317
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ben Lomond
Vardefjellet
Munro, marilyn
Utsyn over Loch Lomond mot Ben Lomond
Land  Skottland
Topp Loch Lomond
 •  høgd 974 moh.
 •  Primærfaktor 819 m
Kart
Ben Lomond
56°11′25″N 4°37′59″W / 56.190293°N 4.633009°W / 56.190293; -4.633009
Wikimedia Commons: Ben Lomond, Scotland

Ben Lomond er eit fjell på 974 meter over havet i Dei skotske høglanda. Det ligg på austsida av Loch Lomond og er ein av dei sørlegaste Munros. Ben Lomond ligg i Ben Lomond National Memorial Park og Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark, eigd av National Trust for Scotland. Fjellet er det høgaste punktet i det historiske fylket Stirlingshire.

Fjellet er nemnd i den populære folkevise «The Bonnie Banks o' Loch Lomond».

Minnepark og nasjonalpark

[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1995 har området kring Ben Lomond hatt status som krigsminnesmerke, kalla Ben Lomond National Memorial Park. Parken er til minne om dei som mista livet i første og andre verdskrigen og vart laga ut av det tidlegare Rowardennan Estate med støtte frå National Heritage Memorial Fund.[1]

I 2002 oppretta den skotske regjeringa Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark, den første nasjonalparken i Skottland.

  1. «Donald Dewar opens Ben Lomond National Memorial Park». The Scottish Government. 11 November 1997. Henta 2. april 2011. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ben Lomond

56°11′26″N 4°37′59″W / 56.19063°N 4.63317°W / 56.19063; -4.63317