Bela Krajina
Utsjånad
Bela Krajina (tysk Weißkrain eller Weiße Mark, tyder Kvite Krain) er ein tradisjonell region søraust i Slovenia ved grensa til Kroatia. Dei største byane her er Metlika, Črnomelj og Semič og den største elva er Kolpa, som òg dannar grensa mellom Slovenia og Kroatia. Terrenget består hovudsakleg av låge åsar og bjørkeskogar.
Kvite Krain er òg kjend for dei gode vinane, som Metliška črnina (ein mørk raudvin), Belokranjec (ein kvitvin) og Modra frankinja (Blaufränkisch, ein raudvin).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «White Carniola» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Slovenia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.