Beit Hanina
Beit Hanina | |||
بيت حنينا | |||
kommune | |||
Beit Hanina al-Balad (center)
Beit Hanina al-Jadid (top) | |||
Namneopphav: Haninahuset[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Jerusalem guvernement | ||
Koordinatar | 31°49′50″N 35°12′58″E / 31.83056°N 35.21611°E | ||
Areal | 16,3 km² | ||
Folketal | 27 833 (2007) | ||
Folketettleik | 1 708 / km² | ||
Beit Hanina 31°49′50″N 35°12′58″E / 31.830555555556°N 35.216111111111°E | |||
Kart som viser Beit Hanina.
| |||
Wikimedia Commons: Beit Hanina |
Beit Hanina (arabisk بيت حنينا, hebraisk skrift בית חנינא) er ein palestinsk bydel i Aust-Jerusalem. Han ligg langs vegen til Ramallah, åtte kilometer nord for sentrum av Jerusalem, i ei høgd på 780 meter over havet.[2] Beit Hanina grensa til Hizma i aust, Shuafat i sør, Beit Iksa og Nabi Samwil i vest, og Bir Nabala, al-Jib, Kafr Aqab og ar-Ram i nord.
Beit Hanina er delt av Israel si sperring på Vestbreidda i Al-Jadida (den nye landsbyen), som ligg i den israelske Jerusalem kommune og omfattar det meste av de utbygde området, og Al-Balad (den gamle landsbyen), som ligg utafor kommunen.[3]
I 2007 hadde Beit Hanina eit folketal på over 27 000, med 26 762 innbyggjarar i den nye landsbyen og 1 072 i den gamle.[4]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Beit Hanina kan vere datert attende til kanaanittisk tid. I følgje den franske reisande Victor Guérin, var Beit Hanina den bibelske Ananiah som høyrte til Benjaminstammen. Edward Robinson var samd, medan W.F. Albright meinte at Ananiah er landsbyen al-Eizariya i Aust-Jerusalem.[5]
Fredagsmoskeen i Beit Hanina, Sultan Ibrahim Ibn Adham-moskeen, er tileigna Ibrahim ibn Adham.
Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod Beit Hanina oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 28 muslimske hushaldningar.[6]
Guérin, som vitja staden i 1863, estimerte at landsbyen hadde 300 innbyggjarar.
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine staden som «ein mellomstor landsby, med steinhus, i særs steinete lende på ein rygg mellom to dalar. Han er omgjeve av oliven, og har ei kjelde i vest. Det veks òg vinrankar nær landsbyen.»[7]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde «Bait Hanina" eit folketal på 996, alle muslimar,[8] og dette auka i folketeljinga i 1931 til eit folketal på 1226, framleis alle muslimar, i 317 hus.[9] I 1945 hadde Bein Hanina eit folketal på 1 590, alle arabarar, med 14 948 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 3 072 mål var plantasjar og irrigert land, 4 304 nytta for korn,[11] medan 219 mål vart utbygd land.[12]
Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Beit Hanina erobra av jordanske styrkar, i lag med resten av Vestbreidda og vart ein del av Jordan fram til 1967. Under jordansk styre vart det bygd nye vegar og skular.
Etter seksdagarskrigen i 1967 okkuperte israelarar Vestbreidda, i lag med Beit Hanina, og kommunegrensa til Jerusalem vart flytta heilt til den austlege delen av Beit Hanina, i dag kalla Beit Hanina al-Jadid.
Etter den andre Intifada byrja Israel å byggje Israel si sperring på Vestbreidda, som skilde Jerusalem-delen av Beit Hanina frå Vestbreidda. Området har stundom vore åstad for samanstøytar mellom israelske tryggleiksstyrrkar og palestinske militante.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Beit Hanina» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Guérin, Victor (1868). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 1: Judee, pt. 1. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Sharon, Moshe (1999), Corpus Inscriptionum Arabarum Palaestinae, Vol. II, B-C, BRILL, ISBN 9004110836
- Socin, A. (1879). «Alphabetisches Verzeichniss von Ortschaften des Paschalik Jerusalem». Zeitschrift des Deutschen Palästina-Vereins 2: 135–163.
- Zilberbod, Irina (2012): Jerusalem, Beit Hanina Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine. Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 124.
- Zilberbod, Irina (2012): Jerusalem, Beit Hanina Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine. Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 124.
- Zubair ‘Adawi (2012): Jerusalem, Beit Hanina Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine. Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 124.
- ↑ Palmer, 1881, s. 286
- ↑ Jerusalem neighborhoods
- ↑ High Court approves Bir Nabalah enklave. B'Tselem, 26. november 2006
- ↑ «Table 26: Stader på Vestbreidda by Selected Indicators, 2007», 2007 Census (PDF), Palestinsk statistisk sentralbyrå, s. 116
- ↑ About Beit Hanina Offisiell nettstad Beit Hanina Community Sentral; Mohamed Shaker Sifadden
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 120
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, s. 8
- ↑ Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Jerusalem, s. 14
- ↑ Mills, 1932, s. 38
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 101
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 151