Beit Dagan
Beit Dagan | |||
lokal kommune | |||
Namneopphav: Kornhuset | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 32°0′9.68″N 34°49′45.29″E / 32.0026889°N 34.8292472°E | ||
Areal | 1,53 km² | ||
Folketal | 6 800 (2009)[1] | ||
Folketettleik | 4 444 / km² | ||
Grunnlagd | 1948 | ||
• Bystatus | 1958 | ||
Borgarmeister | Elyahu Dadon | ||
Beit Dagan 32°00′10″N 34°49′45″E / 32.002688888889°N 34.829247222222°E | |||
Kart som viser Beit Dagan.
| |||
Wikimedia Commons: Beit Dagan |
Beit Dagan (hebraisk skrift בֵּית דָּגָן, tyder «Kornhuset») er ein by (lokal kommune) i Det sentrale distriktet i Israel, ved grensa til Rishon LeZion. Han vart grunnlagd i 1948 der den arabiske landsbyen Bayt Dajan låg, av jemenittiske og nordafrikanske immigrantar. Han ligg truleg i området der den bibelske Beit Dagon,[2] ein landsby i Juda-stamma låg (Josva 15:41).
Beit Dagan fekk status som lokal kommune i 1958. Mot slutten av 2009 var folketalet 6 800.[1]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Krigsminnesmerke i Beit Dagan
-
JNF-hus nær Beit Dagan
Klima
[endre | endre wikiteksten]Israelsk meteorologisk institutt heldt til i Beit Dagan. Beit Dagan har middelhavsklima med varme og tørre somrar, og med kalde og regnfulle vintrar. Våren og hausten er kjølig til varm. Luftfukta er høg om vinteren og låg om sommaren. Temperaturen om sommaren når i snitt 30,8 °C og ned i 20,4 °C om natta. Om vinteren når temperaturen i snitt 18,5 °C på dagtid og i snitt 7,6 °C om natta. Beit Dagan har ein årsnormalnedbør på 550,5 mm og berre sju av månadane kan få kraftig regn.
Vêrdata for Beit Dagan | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 17,8 | 18,1 | 20,1 | 24,5 | 27 | 29,2 | 30,8 | 31,2 | 30,4 | 28,3 | 24,1 | 19,7 | 25,1 |
Gjennomsnittleg min °C | 7,2 | 7,1 | 8,8 | 11,5 | 14,6 | 17,9 | 20,6 | 21,2 | 19,4 | 16 | 11,8 | 8,6 | 13,7 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 140,5 | 96,9 | 66,1 | 17,5 | 2,2 | 0 | 0 | 0 | 0,4 | 20,4 | 76,2 | 130,3 | 550,5 |
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt[3] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Beit Dagan» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2015.
- ↑ 1,0 1,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Arkivert (PDF) frå originalen den 10. juni 2011. Henta 30. mai 2011.
- ↑ «Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.108, ISBN 965-220-186-3 (English), Place Names in Israel. A Compendium of Place Names in Israel compiled from various sources. Omsett frå hebraisk, Jerusalem 1962 (Israelsk statsminister. The Israeli Program for Scientific Translations) s.22 - Plasseringa til boka: Ben Zvi Institute Library, 12 Abarbanel St., Jerusalem; i nettkatalogen - Yizhaqi, Arie (red.): Madrich Israel (Israel Guide: An Encyclopedia for the Study of the Land), Vol 11: Appendices, Jerusalem 1980, Keter Press, s.75 (hebraisk)». Ybz.org.il. Henta 29. juli 2013.
- ↑ «Climate data for several places i Israel» (på hebraisk). Israelsk meteorologiske institutt.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (he)