Batnfjordsøra
Utsjånad
Batnfjordsøra | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Gjemnes | ||
Areal | 0,34 km² | ||
Folketal | 349 (2023) | ||
Folketettleik | 1 026 / km² | ||
Postnummer | 6631 BATNFJORDSØRA | ||
Batnfjordsøra 62°53′41″N 7°40′54″E / 62.894722°N 7.681667°E | |||
Wikimedia Commons: Batnfjordsøra |
Batnfjordsøra er ein tettstad og administrasjonssenteret i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg inst i Batnfjorden og har 349 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Batnfjordsøra ligg ved europaveg 39, omtrent midtvegs mellom Molde og Kristiansund. Fylkesveg 666 tar av frå europaveg 39 ved Batnfjordsøra, og går via Torvikbukt til Eidsvåg.
Batnfjordsøra har daglegvarebutikkar, grunnskule, idrettsbane og noko småindustri.[1] Den lokale kyrkja er Øre kyrkje frå 1865, som ligg ved Skeisdalen nordaust for Batnfjordsøra.
Bilete frå Batnfjordsøra
[endre | endre wikiteksten]-
Batnfjordsøra i april 2007
-
Batnfjord kyrkjegard
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Batnfjordsøra». Store norske leksikon. 10. november 2015. Henta 17. april 2018.