Azita Raji
Azita Raji | |
Fødenamn | آزیتا راجی |
Statsborgarskap | USA, Iran |
Fødd | 29. september 1961 Teheran |
Død |
6. februar 2022 (60 år) |
Yrke | diplomat, investeringsbankmann |
Språk | engelsk, persisk, fransk |
Far | Parviz C. Radji |
Azita Raji på Commons |
Azita Raji (29. september 1961–6. februar 2022)[1][2] var ein iranskfødd USA-amerikansk diplomat. Ho var utdanna økonom. Ho var USA sin ambassadør til Sverige frå februar 2016 til januar 2017.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Azita Raji vaks opp i ein rik diplomatfamilie i Teheran og gjekk på skule i Lausanne i Sveits, der ho deltok på nasjonale sjakkturneringar og tevla i utforrenn. Etter den iranske revolusjonen i 1978 utvandra familien til USA, då ho var 17 år gammal.[3]
Raji studerte arkitektur og fransk ved Columbia University fram til 1983 og tok ein mastergrad i økonomi i 1991 ved Columbia Business School. Ho blei USA-amerikansk statsborgar i 1988.
Raji budde og arbeidde i mange land i Midtausten, Latin-Amerika, Europa og Det fjerne Austen.
Etter ein karriere som bankier for investeringsbankar i New York City (J.P. Morgan & Co., Salomon Brothers og Drexel Burnham Lambert)[4] vigde Raji seg frå 2008 på heiltid til politiske spørsmål og arbeidde blant anna med Barack Obama sine presidentvalkampanjar.
Ambassadør til Sverige
[endre | endre wikiteksten]Raji tiltredde i mars 2016, som fyrste kvinne, posten som USA sin ambassadør i Stockholm[5] og hadde vervet fram til 20. januar 2017.[6] Ho var den fyrste USA-amerikanske ambassadøren i Sverige som deltok i Prideparaden i Stockholm. Ho var også den fyrste iranskfødde personen som var amerikansk ambassadør.[1]
Den 4. juli 2016 blei Raji heidra av Great Immigrants: «The Pride of America», Carnegie Corporation of New York si årlege utkåring av inspirerande naturaliserte USA-amerikanske borgarar som har bidrege i særleg grad til framgang i det USA-amerikanske samfunnet.[7]
Den 10. desember 2016 var det Raji som i eigenskap av ambassadør til Sverige på vegner av Bob Dylan las opp talen hans til Nobelkomiteen under nobelbanketten i Stockholm, i anledning tildelinga av Nobelprisen i litteratur til Dylan.[8][9][10][11]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Raji mottok i 2017 Ellis Island Medal of Honor[12][13] og ho mottok Barnard College sin Joan Rivers Trailblazer Award i 2020.[14]
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Azita Raji var gift med Gary Syman, ein tidlegare partner i Goldman Sachs. Paret hadde fem døtrer.[15]
Raji døydde den 6. februar 2022 etter ein kort tids sjukdom.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Statement on the passing of former U.S. Ambassador to Sweden Azita Raji». U.S. Embassy in Sweden (på engelsk). 8. februar 2022. Henta 8. februar 2022.
- ↑ McCrohan, Deirdre (16. mars 2022). «Azita Raji of Belvedere was first Iranian-born U.S. ambassador». TheArk (på engelsk). Henta 17. mars 2022.
- ↑ «Iranian-Americanwoman Azita Raji Nominated For Ambassador To Sweden». Payvand Iran News. 25. oktober 2014.
- ↑ «PresidentObama Announces More Key Administration Posts». whitehouse.gov. 6. september 2013 – via National Archives.
- ↑ «USto get first female ambassador in Sweden». 24. oktober 2014. Henta 14. august 2016.
- ↑ «www.expressen.se». Henta 14. februar 2018.
- ↑ «2016Great Immigrants Honorees: The Pride of America». Carnegie Corporation of New York. 30. juli 2016.
- ↑ «BobDylan Nobel Prize Speech». YouTube. 11. desember 2016.
- ↑ «HowDoes It Feel, by Patti Smith». The New Yorker. 14. desember 2016.
- ↑ «TheRoyal Family attend the Nobel Banquet». Swedish Royal Court. 10. desember 2016. Arkivert frå originalen 19. november 2021. Henta 28. august 2023.
- ↑ «ReadBob Dylan's Nobel Prize in Literature Banquet Speech». Rolling Stone. 10. desember 2016.
- ↑ «AmericanImmigrants from 37 Nationalities Honored on Ellis Island». Huffington Post. 5. mai 2017.
- ↑ «2017Ellis Island Medal of Honor recipients». National Ethnic Coalition of Organizations. 20. april 2017. Arkivert frå originalen 7. juli 2017. Henta 26. mai 2017.
- ↑ «BarnardGala 2020».
- ↑ «UnitedStates Senate Committee on Foreign Relations». www.foreign.senate.gov. Henta 14. august 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Azita Raji» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mars 2024.