Hopp til innhald

Austfjorden

Koordinatar: 60°44′56.746″N 5°16′49.094″E / 60.74909611°N 5.28030389°E / 60.74909611; 5.28030389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°44′56.746″N 5°16′49.094″E / 60.74909611°N 5.28030389°E / 60.74909611; 5.28030389

For fjorden på Svalbard med same namn, sjå Austfjorden på Spitsbergen.
Austfjorden
Botn av Austfjorden sett frå Djupedalseggane
Foto: Frokor
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Masfjorden, Alver
Kart
Austfjorden
60°45′00″N 5°20′00″E / 60.75°N 5.33333333°E / 60.75; 5.33333333

Austfjorden er ei fortsetjing av Fensfjorden i kommunane Masfjorden og Alver i Vestland fylke. Han har ei lengd på om lag 20 km og strekkjer seg søraustover. Eidatrædet rett nord for Ostereidet. Frå Ostereidet er det berre litt over 1,5 km over til Osterfjorden på andre sida.

Austfjorden startar mellom Ådnøyni i sør og Kvamsøya i nord. Nord for Kvamsøya går Masfjorden nordover. Austfjorden har ein fjordarm kalla Hindnesfjorden, som går parallelt til Austfjorden, og som igjen har ein fjordarm kalla Dalafjorden.

På nordsida av Austfjorden går det fleire djupe viker nordover. Den første av desse er den 2 km lange Mjangersvågen med Mjanger i botn. Dei to neste er Nordkvingevågen inn til Nordkvingo og Sørekvingevågen inn til Sørkvingo. Mellom desse to vågane ligg neset Melshovden. Litt lenger inn i fjorden ligg Kjekallevågen der det er bygd ei vegfylling og ei bru ytst i vågen langs fylkesveg 5434. Vest for Kjekallevågen ligg innløpet til Hindnesfjorden. Frå her strekkjer Austfjorden seg 6 km lenger søraustover, medan Hidnesfjorden går ytterlegare 2 km lenger inn.