Atlas
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Atlas (fleirtyding).
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/34/Atlas_-_book.jpg/220px-Atlas_-_book.jpg)
Atlas er samlingar av kart som kan visa geografiske trekk, stadnamn og politiske grenser, og gjerne også geopolitisk, sosial, religiøs og demografisk statistikk. Dei er tradisjonelt blitt gjevne ut i bokform, men er i nyare tid også blitt laga for datamaskinbruk på CD-ROM og Internett.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e2/OrteliusWorldMap1570.jpg/220px-OrteliusWorldMap1570.jpg)
Den første boka som kan kallast eit atlas blei laga etter utrekningane til geografen Klaudios Ptolemaios, som levde i Alexandria rundt år 150. Den første utgåva blei gjeven ut i Bologna i 1477, og var illustrert med 27 kart.
Ordsoge
[endre | endre wikiteksten]Nemninga «atlas» er knytt til titanen Atlas, som i gresk mytologi bar himmelen på skuldrene sine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Atlas (oppslagsverk)» frå Wikipedia på bokmål, den 13. februar 2008.