Astrid Lødemel
Astrid Lødemel | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. desember 1971 (52 år) Oslo |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1992 |
Astrid Lødemel (fødd 9. desember 1971) er ein norsk tidlegare skirennar frå Voss som tok to medaljar under VM i alpine greiner 1993, ein sølv i utfor og ein bronse i super-g. Ho var medlem av Voss Idrottslag.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Lødemel deltok i vinter-OL 1992 og kom på 15. plass i utfor. Ho fekk sitt gjennombrot då ho suste inn til andreplass i eit verdscuprenn i super-G i Vail i USA 13. desember 1992, to hundredelar etter vinnaren, Ulrike Maier frå Austerrike. Under VM 1993 i Morioka i Japan lukkast Lødemel overmåte godt. 11. februar vann ho sølvmedaljen i utfor etter Kate Pace frå Canada, og tre dagar seinare vann ho bronsemedaljen i super-G etter verdsmeister Katja Seizinger og Sylvia Eder. Den 3. mars same året kom Lødemel inn på tredjeplass i eit verdscuprenn i utfor i Morzine i Frankrike.
Etter eit par fine plasseringar i verdscuprenn i november/desember 1993 vart Lødemel skadd i eit kne, og resten av OL-sesongen gjekk fløyten. Ho kom tilbake til neste skisesong og fekk som best ein fjerdeplass i verdscupen, oppnådd i eit utforrenn i Haus im Ennstal i Austerrike på nyåret 1995. Ved sesongslutt 1995 valde ho å leggje opp, då kneskaden hemma henne mykje.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar.