Hopp til innhald

Assemini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
San Pietro-kyrkja i Assemini er i hovudsak frå det 16. hundreåret

Assemini, på sardinsk Assèmini, er ein by og ein kommune i provinsen Storbyområdet Cagliari i regionen Sardinia i Italia, i kring 12 kilometer nordvest for byen Cagliari. Kommunen har vel 26 000 ibuarar og dekker eit flatemål på 117,5 km².

Assemini ligg på ei slette danna av elevane Cixerri, Flumini Mannu og Sa Nuxeddas. Byen har tusenårige tradisjonar for produksjon av keramikk, heilt tilbake til den tida kartagarane rådde i området.