Asalea
Asalea er namn brukt om fleire plantar i rhododendronslekta, mellom anna fleire hybridvekstar. Tidlegare var asaleaene rekna som ei eiga plantegruppe, Azalea, kjenneteikna av å ha fem støvberarar (mot ti blant andre Rhododendron-plantar). I dag er plantar kjende som asalea fordelte på dei to underslektene Pentanthera (lauvfellande) og Tsutsusi (eviggrøne), som ikkje er nært i slekt.
Asalea blir brukt som hage- og potteplante avhengig av type og klima. I Noreg kjenner ein særleg til juleasalea, som kan vera av arten Rhododendron simsii eller ulike kryssingar frå denne. Denne asaleaen kan ha blomar som sit enkeltvis eller i klasar på to eller tre, og varierer i farge frå raud til kvit. Blada er elliptiske, mørkegrøne, glinsande og hårete.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Per M. Jørgensen, «Asalea - til besvær» Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. ved rhododendron.no
- M. A. Kim Powell, «Azaleas for North Carolina Arkivert 2012-09-28 ved Wayback Machine., Leaflet No: 629, North Carolina Cooperative Extension Service
«asalea» i Store norske leksikon, snl.no.