Arne Askildsen
Arne Askildsen | |||
Fødd | 25. august 1898 Kristiansand kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 12. juli 1982 (83 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, lensmann | ||
Barn | Kjell Askildsen | ||
Alle verv |
|
Arne Askildsen (25. august 1898–12. juli 1982) var ein norsk lensmann og politikar, fødd i Kristiansand. Han representerte Kristeleg Folkeparti på Stortinget perioden 1954-57.
Askildsen var son til ein skipstømmermann. Etter framhaldsskule 1912/13 arbeidde han 1914-15 på kemnerkontoret i Kristiansand. Der etter gjekk han handelsskule og fekk i 1916 jobb på fylkeskontoret i Mandal, frå 1919 som fylkesfullmektig for Vest-Agder. I 1928 tok Askildsen over som lensmann i distriktet Halse, Harkmark og Mandal, ei stilling han hadde i 40 år.
Askildsen var medlem i kommunestyret i Mandal frå 1936 til 1940, 1945-47 og 1951-63. Hausten 1953 vart han vald inn på Stortinget for Kristeleg Folkeparti, perioden 1954-57 hadde han sete i Justiskomiteen. Gjennom størsteparten av livet var han aktiv i Norsk Luthersk Misjonssamband, mellom anna var styremedlem 1939–55 og 1958–64, i tillegg var han formann for pensjonskassa til misjonssambandet frå 1952 til 1966.
Arne Askildsen var far til forfattaren Kjell Askildsen.