Hopp til innhald

Arib al-Ma'muniyya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arib al-Ma'muniyya
Verkeleg namn arabisk عريب المأمونية
Statsborgarskap Abbasidane
Fødd 797
Bagdad
Død

890

Yrke lyrikar, songar, skribent

‘Arīb al-Ma'mūnīya (797890) var ein arabisk songar og diktar. Ho var verksam som qiyan-utøvar ved hoffet til abbasidekalifatet i Bagdad, og er blitt omtalt som «den best kjende slavesongarinna som nokon sinne opptredde ved hoffet i Bagdad».[1] Ifølgje tidlege biografiar om henne blei ho 96 år gammal, og tente under fem kalifar.

Hovudkjelda for livet til ‘Arīb er Kitāb al-Aghānī av Abū ’l-Faraj al-Iṣfahānī frå 900-talet.[2]

‘Arīb al-Ma'mūnīya var fødd i Bagdad. I mellomalderen gjekk det rykte om at ho var dotter av vesiren Ja'far al-Barmaki, som hadde ei viktig rolle hjå barmakidane, og ei tenestejente hjå familien hans, Fāṭima. Dette opphavet er blitt stilt spørsmål kring av seinare forskarar. I alle høve var ho heilt tydeleg ein slave i viktige delar av det tidlege livet sitt, anten fordi ho var fødd som slav eller blei selt som slave som tiåring då familien fekk store økonomiske vanskar. Dikta til ‘Arīb ber to gonger fram klager om den låge statusen hennar, og ho blei frigjeven av Abū Isḥāq al-Mu‘taṣim (Mal:Reign).[3] Ho skal ha blitt favorittsongaren til kalif al-Maʾmūn (styrte 813-833).[4]

Dei overlevande verka til ‘Arīb's og dei tilknytte anekdoteene viser ikkje berre det poetiske talentet hennar, men hintar også om eit liv der ho hadde fleire tilhøve til mannlege elskarar og mesenar. Det verker som om ho kom til å ha eit omfattande hushald og var ein landeigar. Ei av dei best kjende sogene fortel om ein songkonkurranse der ho og songarane hennar vann over den yngre rivalen Shāriyah og hennar gruppe.[5]

Eit døme på ‘Arīb si dikting i engelsk omsetjing:

To you treachery is a virtue, you have many faces and ten tongues.
I'm surprised my heart still clings to you in spite of what you put me through.[6]


  1. Kristina Richardson, “Singing Slave Girls (Qiyan) of the Abbasid Court in the Ninth and Tenth Centuries.” In Children in Slavery through the Ages, edited by Gwyn Campbell, Suzanne Miers, and Joseph C. Miller, 105–118. Athens: Ohio University Press, 2009.
  2. al-Iṣfahīnī, Abu l-Faraj, Kitāb al-aghānī, Dār al-Fikr, 21 parts and Index in 9 vols., equivalent to the edition Kairo 1322/1905–5.
  3. Matthew S. Gordon, 'The Place of Competition: The Careers of ‘Arīb al-Ma’mūnīya and ‘Ulayya bint al-Mahdī, Sisters in Song', in ‘Abbasid Studies: Occasional Papers of the School of ‘Abbasid Studies, Cambridge, 6-10 July 2002, ed. by James E. Montgomery (Leuven: Peeters, 2004), pp. 61-81 (pp. 64-65). [1].
  4. Classical Poems by Arab Women: A Bilingual Anthology, ed. and trans. by Abdullah al-Udhari (London: Saqi Books, 1999), p. 140 ISBN 086356-047-4; books.google.co.uk/books/about/Classical_poems_by_Arab_women.html?id=WniBAAAAIAAJ&.
  5. Agnes Imhof, 'Traditio vel Aemulatio? The Singing Contest of Sāmarrā’, Expression of a Medieval Culture of Competition', Der Islam, 90 (2013), 1-20 (with a translation pp. 4-7), DOI 10.1515/islam-2013-0001, [2].
  6. Abdullah al-Udhari, Classical Poems by Arab Women (London: Saqi, 1999), p. 140.