Hopp til innhald

Appenzell Innerrhoden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Appenzell Innerrhoden
Appenzell Rhodes-Intérieures
Appenzello Interno
Appenzell Dadens
kanton
Symbol
Forkorting: AI
Land  Sveits
Del av Aust-Sveits, Northeastern Switzerland, Appenzellerland
Hovudstad Appenzell
Høgaste punkt Säntis
 •  høgd 2 502 moh.
Areal 172,48 km²
Folketal 16 145 (31. desember 2018)[1]
Kanton sidan 1513
Kart
Appenzell Innerrhoden
47°18′N 9°24′E / 47.3°N 9.4°E / 47.3; 9.4
Kart som viser Appenzell Innerrhoden.
Kart som viser Appenzell Innerrhoden.
Kart som viser Appenzell Innerrhoden.
Wikimedia Commons: Canton of Appenzell Innerrhoden

Appenzell Innerrhoden er ein kanton i Sveits som består av tre landområde som ligg fråskilt einannan, inn i mellom kantonane Appenzell Ausserrhoden og St. Gallen. Kantonen har eit totalt landareal på 173 km2, og hadde 16 000 innbyggarar i 2018. Appenzell Innerrhoden er den minste kantonen i Sveits kva gjeld folketal, og den nest minste i areal. Appenzell er hovudstad i kantonen.

Utsyn over Brülisau, med det 1 795 moh høge fjellet Hoher Katsen i bakgrunnen.
Kommunekart over Appenzell Innerrhoden.

Kantonen er rik på fjell, men noko over halvdelen av arealet, om lag 56%, vert nytta til landbruksføremål. Det høgste fjellet, Säntis, er 2 502 meter over havet, og er trekantonspunkt for dei tre kantonane Appenzell Innerrhoden, Appenzell Ausserrhoden og St. Gallen.

Demografi, språk, religion

[endre | endre wikiteksten]

9,8% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Tysk er talemål for 92,9% av folket, 2,5% har serbokroatisk og 1,0% albansk til morsmål. 81% soknar ti den romersk-katolske kyrkja, medan 10% er protestantar.[treng kjelde]

Appenzell Innerrhoden består av seks kommunar, offisielt nemnt som distrikt (Bezirke). Dei er Appenzell, Gonten, Oberegg (som er delt i to enklavar), Schlatt-Haslen, Rüte og Schwende.

Nokre av landsbyane i kantonen, derimellom hovudstaden Appenzell, er delt mellom fleire kommunar/distrikt.

Appenzell høyrde opphavleg til fyrstedømet St. Gallen, men frigjorde seg og danna i 1411 «volksbund Appendzell». I 1452 gjekk det i allianse med i det sveitsiske eidsforbundet, frå 1513 har det vore ein fullverdig medlem av forbundet.

Fram til 1597 utgjorde Appenzell Innerrhoden saman med Appenzell Ausserrhoden kantonen Appenzell. Etter reformasjonen vart Appenzell i 1597 delt i to delar, den protestantiske Ausserrhoden og den katolske Innerrhoden. Heilt til 1999, hadde begge status som halvkantonar. Til dess hadde kantonen ei halv røyst under avrøystingar i det sveitsiske stenderrådet. Sidan har kantonen hatt ei røyst, medan dei fleste andre kantonane har to røyster.

Trass i at Sveits innførte allmenn kvinneleg røysterett i 1971, vart røysterett for kvinner innført i Appenzell Innerrhoden først i 1990.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Appenzell Innerrhoden