Angela
Utsjånad
Angela er eit kvinnenamn med opphav i det latinske ordet angelus, 'engel', som igjen kjem frå gresk angelos, 'bodbringar'. Angela har svensk namnedag den 7. desember.
Namneformene Angie, Angel, Angelina, Angélique, Angelika og Angelita kan vera avleidde frå Angela. Den maskuline forma av namnet er Angelo.
Angela var det femte mest gjevne jentenamnet i USA frå 1974 til 1976. I Noreg er det 426 kvinner som har Angela som første fornamn (SSB 2012).
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Den heilage Angela av Foligno (1248-1309), fransiskansk helgen
- Angela Carter (1940–1992), britisk forfattar
- Angela Bassett (f. 1952), USA-amerikansk skodescpelar
- Angela Gheorghiu (f. 1965), rumensk operasongar
- Angela Merkel (f. 1954), tysk forbundskanslar